Hopp til innhold

Elsyklar får unge til å velje vekk mopeden

Salet på mopedar stuper, mens skulegardar landet over blir fylte opp av elsyklar. Samstundes har dei motorinteresserte ungdommane tatt steget opp på lettmotorsykkel.

Marthe Aardal Venes

Marthe Aardal Venes bruker elsykkel til å komme seg til og frå skule og jobb. Ho trur at fleire brukar elsykkel fordi det er enklare og billigare

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

– Eg syklar elsykkel for å komme meg fortare fram og fordi det er enkelt.

Ho går første året ved Sogndal vidaregåande skule, og skal straks hive seg på elsykkelen for å komme seg til jobb.

– Eg vurderte å køyre moped, men no bur eg i Sogndal som er sentralt, seier Marthe Aardal Venes.

El-syklar ved Sogndal vidaregåande skule

Ved Sogndal Vidaregåande skule står det flest elsyklar i sykkelstativet.

Foto: Ingeborg Grinde Slinde / NRK

Venes er ikkje åleine om å velje bort moped for andre køyretøy.

Tal frå Statens vegvesen ei halvering i nye registrerte to-hjulsmopedar i 2021 samanlikna med 2017.

I 2017 var det om lag 4500 nye registrerte mopedar. I 2021 var det knapt 2100 nyregistreringar.

Det var Sogn Avis som først skrev om saka.

Les også Oslos bilmiljø vil ikke ha slitne 240’er: - For oss er bilen et kunstverk

Råning i Oslo

Rimelegare og utan sertifikat

– Vi ser at elsykkel har tatt over. Det er rimelegare, du treng ikkje ta noko sertifikat, og du kan starte allereie når du er 10–12 år gammal.

Det seier Idar Kollsete, teknisk leiar for motorsykkel på Autohuset Sogn AS.

I tillegg til elsykkel merkar han også auka interesse for lettsykkel.

– Det verkar som om det har vore ein overgang til klasse 125 kubikk, der dei kan ha litt meir motoreffekt og passasjer.

Idar Kolleste foran mopedar

Idar Kollsete har også merka ein stor nedgang i salet på mopedar. No sel han berre rundt ti stykk kvart år.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

Ifølge han har lettmotorsykkel køyreopplæring som liknar meir på opplæringa på bilsertifikatet.

I tillegg kan dei kan ha passasjer, og lettsykkelen går raskare enn mopedar.

Ifølge tal frå Vegvesenet har det vore ei auke i tal på nye registrerte lett syklar.

Denne auka er likevel ikkje like stor som nedgangen i tal på moped.

Les også Flere tar lappen på lett motorsykkel: – Du slipper å trimme

Morgan Steinsland holder på å ta lappen på lett motorsykkel

Frå motor til el

Forskingsleiar på Transportøkonomisk institutt, Aslak Fyhri, viser til at det har vore ei auke i både elsparkesykkel og elsykkel blant ungdom.

– Når du er 13 år har du ikkje moglegheit til å ta lappen, så då er elsykkel ekstra praktisk. Elsykkel gir den fridomen og mobiliteten som desse ungdommane ønsker seg

Trur du moped kjem til å forsvinne heilt frå ungdomskulturen?

– Det trur eg ikkje, men det som kan skje som vi ser ein liten trend med no, er at dei i større grad blir elektriske.

Ifølge han er moped trass alt eit praktisk framkomstmiddel, som også har lengre rekkevidd enn elsykkel.

Ikkje slutten for bensin

Ikkje langt unna sykkelparkeringa ved Sogndal VGS, står Ingvar Hodlekve Hagen, Sivert Alpen og Espen Vikdal Krogh og viser fram mopeden i haustsola.

Elvane har både mopedar, lettsykkel og ATV.

Dei ser ikkje føre seg å gå over til elektriske køyretøy.

– Vi bur litt lengre utanfor Sogndal sentrum enn det andre gjer, seier Alpen.

I tillegg peiker dei på at mopeden går raskare enn å sykle og at det er lettare å komme seg til stadar utanfor sentrum.

Ingvar Hodlekve Hagen, Sivert Alpen og Espen Vikdal Krogh trur at elsykkel og lettsykkel har skyld i nedgangen i mopedinteressa.

Ingvar Hodlekve Hagen, Sivert Alpen og Espen Vikdal Krogh trur at elsykkel og lett sykkel har skyld i nedgangen i mopedsalet.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

Sjølv om talet på mopedar går ned, trur dei i likskap med Fyhri at det ikkje kjem til å bli slutt på bensinkøyretøy.

– Det kan jo hende at moped går ned, men at lettsykkel og ATV går opp, seier ungdommane.

Les også Drivstoffprisane gjer at rånarane let bilen stå

Thea Christine Evebø frå Sandane