Hopp til innhold

Moods of Norway leiger Kongsgården

Det er duka for eventyrleg visning av stryninganes sommarkolleksjon på Kongsgården, som aldri har vore leigd ut til slike formål før.

Moods of Norway

Designerduoen bak Moods of Norway, Peder Børresen og Simen Staalnacke.

Foto: NRK

Det har aldri vore motevisning eller liknande tilstelning på Kongsgården før, men med ein stryning i Kongens stab lot det seg ordne for Moods of Norway.

Designerduoen skal avslutte moteveka 2010 i Oslo med ein visning av vår og sommar-kolleksjonen for 2011, kalla "Norwegian Fairytales". Fredag 20. august skal dei sende prinsar, prinsesser og ein askeladd ned catwalken på Kongsgården, fortel gründer og økonomisjef i Moods of Norway Jan Egil Flo.

Artikkelen held fram.

Moods of Norway

OSKEFISEN: Moods let seg inspirere av dei norske folkeeventyra.

Foto: Ole Musken

- Kolleksjonen går på alt frå Asbjørnsen og Moe til konger og prinsar og prinsesser, så vi kunne ikkje finne betre kulissar for det.

Kvart år vert kjendisar og kjentfolk invitert til å gå som modell for merket,

- Vi skal ha Christian Ringnes som Askeladd mellom anna. Fleire norske artistar skal vere med, seier Flo, men namn vil han halde for seg sjølv fram til visningen.