Hopp til innhold

Klesgiganten Moods konkurs med ei gjeld på 112 millionar

Klesprodusenten Moods of Norway har slått seg sjølv konkurs. Dei to Moods-selskapa har ei samla gjeld på over 112 millionar kroner.

Moods of Norway

SISTE OPNINGSDAG: Moods of Norway var noko av det heitaste i motebildet. I dag hadde truleg klesbutikken i Stryn sin siste opningsdag.

Foto: SILJE GUDDAL / NRK

– Det er ufatteleg trist at eventyret no er over. Vi har virkelig prøvd å få det til å fungere, vi har snudd kvar stein, seier Simen Staalnacke som sitter saman med dei tilsette i det NRK ringer.

– Eg føler at ord vert fattige i ein slik ekstrem situasjon, seier gründeren som starta det heile for 14 år sidan.

Til NRK seier han at han vil takke alle som har vore med på reisa.

– Vi vil takke alle som har vore med på reisa. Vi har skapt noko nytt, vi har stått på barrikadane for norsk mote, vi har kledd opp folk. Det er vi utruleg glade for at vi har fått lov til å vere med på, seier ein trist Staalnacke.

Alle dei tilsette i selskapet har i dag fått beskjed om at selskapet går til skifteretten. No blir det opp til bustyrar kva som skjer vidare.

Administrerande direktør i Moods, Jan Egil Flo, har onsdag kveld vore i møte med bustyrar Asbjørn Løvik.

– Det er tidleg å seie kva som skjer vidare med selskapet. I kveld har eg forsøkt å danne meg oversikt over selskapet, seier Løvik.

På torsdag skal bustyrar ha samtaler med sentrale personar i Moods of Norway og med Sparebanken Sogn og Fjordane.

Moods of Norway

FARGERIKT EVENTYR: Peder Børresen og Simen Staalnacke starta Moods of Norway saman.

Foto: NRK

Banken sa opp kreditten

Det var Sparebanken Sogn og Fjordane stoppa all kreditt til klesprodusentane.

Her er børsmeldinga som Moods la ut rett etter klokka 15 i ettermiddag:

«Moods of Norway har de siste årene slitt med dårlig lønnsomhet. Resultatet før skatt i 2016 ble på minus 30 millioner. Regnskapet pr. august 2017 viser en fortsatt negativ utvikling. Selskapets bank sa denne uken opp kreditten til Moods of Norway, og det har ikke lykkes å hente ny kapital innenfor den tidsrammen man har hatt. Blant årsakene til svakere lønnsomhet er selskapets internasjonale satsing og varekostnader i amerikanske dollar, samt valutaeksponeringen som nå har ytterligere forverret en fra før presset økonomisk situasjon. Klesindustrien er en tøff bransje med hard konkurranse og pressede marginer. Selskapet har jobbet med å kutte kostnader og effektivisere driften, og med å videreutvikle merkevaren. Dette har dessverre ikke gitt tilstrekkelig effekt.»

Mange blir råka av konkursen

– Moods of Norway har vore eit fantastisk, norsk gründereventyr i 11 av de 14 åra selskapet har eksistert. Vi vil takke alle som har vore med oss på denne ferda. Vi skulle av heile vårt hjarte ønskje at dette eventyret fekk ein lukkeleg slutt, sier Moods-gründer og designar Simen Staalnacke i børsmeldinga.

Dei om lag 100 medarbeidarane på Moods of Norway sine kontor i Stryn og Oslo, og i 18 Moods-butikkar over heile landet, blei informert om konkursen i dag. Det er no opp til bustyrar va som skjer med videre drift av selskapene og butikkene.

– Dette er ein utruleg trist dag for alle i Moods of Norway. Gründarane og styret vil takke alle våre tilsette for den utruleg gode jobben dei har gjort i ei så turbulent tid, seier Staalnacke.

Moods Of Norway

SATSA INTERNASJONALT: Moods of Norway har satsa stort både i Norge og i andre land. Her fasaden på butikken i Los Angeles.

Drifta i Norge er konkurs

Konkursen omfattar Moods of Norway AS og Moods Wholesale AS. Drifta i selskapa Brandstad, Moods Sverige og Moods USA held fram som normalt.

– Styret har jobba med å sikre framleis drift i Moods of Norway AS, blant anna gjennom tilførsel av ny kapital. Styret har ikkje lukkast i dette arbeidet og såg dessverre no ingen annan utveg enn å begjere selskapa konkurs, seier styreleiar Jan Egil Flo i Moods of Norway AS.

Meldinga blir avslutta med: «Tusen, tusen takk for dansen.»

Ordførar: Ein trist dag

Ordførar i Stryn, Sven Flo, seier at dei har vore klar over at Moods har hatt sine utfordringar, og at det har vore spesielt vanskeleg den siste tida.

– Når meldinga kom i dag var det ein trist dag. Både for tilsette i konsernet, men og for oss som har fulgt Moods of Norway på denne reisa.

Moods of Norway har lagt mykje vekt på å fortelje at dei kjem frå Stryn og Nordfjord, og har brukt dette i marknadsføringa si.

– Dei har betydd utruleg mykje for heile Stryn, spesielt med tanke på korleis dei har marknadsført heile Stryn og regionen.