Hopp til innhold

Moms på elbilar skjer ikkje før nyttår – men du blir råka no viss du kjøper i dag

Sjølv om reglane ikkje trer i kraft før nyttår, får ein likevel ei ekstra utgift, grunna den lange leveringstida.

 Frank Olsen, Møller Bil Minde i Bergen. Dagleg leiar

BILSELJAR: Frank Olsen er dagleg leiar i Møller Bil Minde i Bergen.

Foto: Synne Sørenes / NRK

Gjennom eit hav av bilar på bilforretninga går dagleg leiar i Møller Bil i Bergen, Frank Olsen, og viser det eine gliset etter det andre.

Heile 95 prosent av bilane som blir seld her, er elektriske.

– Det har skjedd ein revolusjon her dei siste åra, seier Olsen.

I juni vart det vedteke at elbilar som kostar meir enn 500.000 kroner, ikkje får fritak frå moms. Ikkje 600.000, som regjeringa lova i Hurdalsplattforma.

Reglane trer i kraft 1. januar i 2023, men på grunn av den lange leveringstida, skal det godt gjerast å få levert ein bil før den tid viss ein kjøper i dag.

Frank Olsen

Kunne du tenka deg denne bilen? Då må du smørja deg med tolmod. Og eit par ekstra kroner.

Foto: Synne Sørenes / NRk

Mange grunnar til sein levering

Ifølge Frank Olsen er det mange grunnar til at kundane ikkje berre får køyra ut frå forretninga når kontrakten er signert.

– Det er ei global krise med mangel på mikrochipar, som ein bil har mykje av. Pandemien påverka, og no òg denne tragiske krigen i Ukraina, seier Olsen.

Med momsen kjem ein ny elbil som kostar 600.000 til å få 25 prosent moms på dei siste 100.000 kronene. Det utgjer 25.000 kroner.

Nokre kundar er nok litt skuffa og overraska, fordi innslagspunktet var forventa å vera litt høgare, seier Olsen.

NAF: – For tidleg å innføra moms på elbil

Nils Sødal er kommunikasjonsrådgjevar i NAF, og meiner tida ikkje er moden for å innføra momsen.

– I tillegg er me kritiske til regjeringa gjekk tilbake på det dei lova i Hurdalsplattforma, seier Sødal.

Nils Sødal, kommunikasjonsrådgiver i NAF

Nils Sødal i NAF.

Foto: NAF

I juni i år inngjekk nemleg regjeringa eit forlik med Sosialistisk Venstreparti, om å senka momsgrensa på nye elbilar med ytterlegare 100 000 kroner.

Ifølge Sødal, vil dette råke vanlege familiar.

– Veldig mange av dei populære familie-elbilane hamnar ein plass mellom 500- og 600.000 kroner. Så då er det mange attraktive familiebilar som blir dyrare frå nyttår.

Ein får kjøpt elbilar med lang rekkevidd i alle prisklassar

Finansdepartementet er ikkje samde med NAF om at det nødvendigvis går utover barnefamiliar.

I dag får ein kjøpt elbilar med lang rekkevidd i alle prisklassa. Me meiner derfor det er rettferdig at dei som vel å kjøpa dei dyraste bilane betaler meirverdiavgift, seier statssekretær Lotte Grepp Knutsen (Ap)

Lotte Grepp Knutsen

Lotte Grepp Knutsen (Ap) meiner det finst mange gode alternativ som ikkje går over 500.000 kroner.

Foto: Amanda Åsberg

Viss du vil ha ein bil som ikkje går over grensa på 500.000 kroner kan du ta ein titt på lista nedanfor.

Prisane er listeprisar utan frakt og leveringskostnadar som kan bli opp mot kr 15 000 per bil. Data til oversikten er levert av ofv.no