Hopp til innhold

«Ingen trudde eg skulle klare det. Ikkje ein gong eg sjølv»

Det har gått 21,5 år sidan rusmisbrukaren Eirik Molnes Husabø vandra gatelangs. I dag er han ein suksessfull komponist med ein stor draum: Ein ekte «Sogn og Fjordane»-opera.

Eirik Molnes Husabø får blome etter KORK-konserten.

HEIDRA: Eirik Molnes Husabø (med heva blome) og alle dei andre aktørane vart heidra etter konserten med KORK på Nordfjordeid.

Foto: Øyvind Lyslo

For ein månad sidan urframførte Kringkastingsorkesteret (KORK) hans første store klassiske verk.

Går ein endå lenger tilbake i tid, var Eirik Molnes Husabø det han sjølv skildrar som eit «håplaust tilfelle».

– Det mest slik at eg tenkjer «Wow! Det er jo heilt sjukt» når eg tenkjer på korleis det var den gong. For eg er ein heilt annan person i dag, seier 47-åringen frå Florø.

Rusa seg og budde på gata

Eirik Molnes Husabø

SNUDDE LIVET: Eirik Molnes Husabø var rusmisbrukar og budde på gata. Så tok han eit oppgjer med seg sjølv.

Foto: Privat

For Molnes Husabø kom ut på skråplanet og gjekk livets harde skule før ting snudde. Til han kom til eit punkt der han sjølv innsåg at noko måtte gjerast. Sidan har han verkeleg fått sving på livet sitt.

– Eg håpar det kan vere til inspirasjon for andre. For å seie det enkelt og greitt, så var eg rusmisbrukar. Dei siste 4,5 åra eg heldt på, så budde eg på gata, fortel han.

Det høyrest kanskje ut som ein klisje, men er den knallharde fakta. For 21,5 år sidan nådde han botnen.

Ingen hadde trua

– Det handlar om å innsjå at ein ikkje kan gjere slik og leve slik, seier Molnes og fortel at redninga vart eit behandlingsopplegg og hjelp frå andre som har vore gjennom tilsvarande.

Molnes Husabø legg til at han aldri har vore på nippet til å få tilbakefall. Sjølv om ingen hadde trua på det skulle gå bra.

– Det var ingen som sa at «dette vil gå bra» eller at «vi visste det ville gå bra». Ikkje eingong eg sjølv, legg han til.

Innsåg problemet

– Kva som gjorde at det gjekk bra?

– Det var ein aksept av at dette er eit problem. Det høyrest kanskje rart ut, men folk kan bu på gata i mange år utan å innrømme at det er eit problem. Men å ta ein hundre prosent aksept på problemet og at eg ikkje kan røre stemningsforandrande midlar, samt hjelp frå andre som har vore gjennom det same.

Han var musikar då, og er det framleis, men kan leggje kunstnar, komponist, arrangør og produsent som yrkestitlar. Han driv også sitt eige lydstudio i kystbyen.

(Artikkelen held fram under biletgalleriet)

Svanger med opera

Det har gått kring ein månad sidan KORK si besetning på 60 musikarar framførte symfoniverket «Tri Tonar» i Operahuset på Nordfjordeid. Molnes Husabø skildrar det som ei «surrealistisk» oppleving å høyre Kringkastingsorkesteret og solistane Sigmund Eikås, Arne Sølvberg og Håkon Høgemo framføre verket.

«Tri Tonar» fekk enormt med ros, og i januar får han høyre hornmusikken i Florø spele nok eit av hans verk – eit 15 minuttar langt stykke.

På toppen av dette drøymer han om å lage ein ekte «Sogn og Fjordane»-opera.

– Eg har lyst til å lage ein opera som er laga hundre prosent her i fylket. Librettoen er laga her i fylket, kostyme og alt er laga her i fylket og den skal sjølvsagt framførast i operahuset på Nordfjordeid, seier han.

– Står att ein del

– Det står att ein heil del, og er vel kanskje noko eg ikkje burde ha sagt offentleg no, held han fram og legg til:

– Hadde eg byrja i dag, så snakkar vi kanskje om eitt par år.

For det er i det orkestrale han akkurat no likar best å bruke sin inspirasjon og kreativitet.

– Der er grensa vidast. Der er alle fargar og pallettar som ein kan nytte for å lage musikk, seier han.