Mogleg sjokk-retur: Brann har bydd på Sivert Heltne Nilsen

Sivert Heltne Nilsen forlét Brann medan laget var i gullkampen, men no vil raudtrøyene ha ham tilbake. Avklaring er venta innan kort tid.

Eliteserien fotball 2018: Bodø/Glimt-Brann Sivert Heltne Nilsen

RETUR?: Sivert Heltne Nilsen kan returnere til Brann.

Foto: Mats Torbergsen / NTB scanpix

NRK får stadfesta at Brann er i forhandlingar med den svenske klubben Elfsborg om ein retur for Sivert Heltne Nilsen.

Det var VG som meldte om den mogelege overgangen først.

NRK veit at Brann har bydd fleire millionar kroner for midtbaneankeret. Det er venta avklaring i saka innan kort tid.

Nilsen er kaptein for Elfsborg og vert vurdert som ein nøkkelspelar før klubben skal ut i Europacup komande år. Forhandlingane har halde på over tid, men det er framleis usemje på fleire punkt.

Framleis godt forhold til Brann

Onkel Geir Morten Nilsen er rådgjevar for Sivert. Han er lillebroren til Lars Arne Nilsen-

– Vi står klare til å forhandle med Brann om klubbane skulle bli samde. Då håper vi å rette opp litt av inntrykket frå førre forhandlingar med klubben.

Sjølv er Sivert Heltne Nilsen (29) ordknapp.

– Dette er ikkje noko eg kan uttale meg om. Eg må henvise til agenten min.

– Kva forhold har du til Brann etter alt du har vore med på der?

– Eg har et godt forhold til klubben. Det er klubben eg har vokst opp med.

Forlét Brann som serieleiar

Sivert Heltne Nilsen, son av tidlegare trenar Lars Arne Nilsen, forlét Brann sumaren 2018 medan klubben leia Eliteserien. Då gjekk han til danske AC Horsens, før han bytta til Elfsborg i Borås i Sverige.

I 2020 måtte også faren forlate Brann Stadion etter ein rekke dårlege resultat.

Kåre Ingebrigtsen tok over Brann etter Lars Arne Nilsen. Laget låg lenge i nedrykksstriden, men landa på 10.-plass i Eliteserien.

Framfor den kommande sesongen har fleire spelarar forlate klubben, og den sportslege leiinga er i gang med å bygge et nytt lag.