Hopp til innhold

Kvinne (70) er moderat skadd etter bilulykke

Ei 70 år gammal kvinne er moderat skadd og ligg på intensivavdelinga ved Førde sentralsjukehus etter bilulykka på riksveg 15 ved Haus i Nordfjord onsdag ettermiddag.

Ulykke Haus

SOLID SMELL: Bilen fekk store skadar etter å ha vore ein tur i fjellveggen, før han vart kasta inn att i vegbana.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Ulykka skjedde like før klokka 17, og det var berre eitt køyretøy involvert i ulykka.

Det var tre personar i bilen. Tilstanden til føraren, ein mann rundt 70 år, er førebels ikkje kjend, men han vart send til Nordfjord sjukehus for legesjekk.

Ei 86 år gammal kvinne er lettare skadd og er innlagd på vanleg avdeling ved Førde sentralsjukehus.

Kom utfor vegkanten

Ulykkesstaden ligg mellom Stårheim og Bryggja i Nordfjord.

Politiførstebetjent Elling Krogen, som jobbar i Utrykkingspolitiet, var på

Hjulspora etter trafikkulukka

I FJELLET: Hjulspora viser tydeleg bilen si ferd i fjellveggen.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

ulykkesstaden onsdag.

– Bilen har komme utfor vegkanten og har treft fjellveggen før han har hamna inn att i vegbana, seier Krogen.

Hadde ikkje promille

Saka vert etterforska ved Vågsøy lensmannskontor, men dei har førebels ikkje nye opplysningar i saka.

– Vi kan førebels ikkje seie noko om ulykkesårsak, men eg kan stadfeste at føraren av bilen ikkje hadde promille, seier lensmann i Vågsøy, Thormod Hvattum.

Ingen av dei tre som var involvert i ulykka er førebels avhøyrde av politiet. Det er usikkert om politiet får høve til å snakke med nokon av desse i dag.