Hopp til innhold

Modellen til 007 opererte på Atløy

Under andre verdskrigen hadde Patrick Dalzel-Job tilhald i ei fjellside på Atløy i Sogn og Fjordane med godt utsyn over Askvoll. Agenten vart seinare modell for den meir kjende 007 James Bond.

Harald Isachsen og Robert Pearson

DEI SKRIV OM 007-MODELLEN: Harald Isachsen (t.v.) og Robert Pearson. I bakgrunnen ser vi Atløy.

Foto: Olav Hammarsland

For forfattaren av bøkene om James Bond, Ian Fleming, henta karakteren frå Atløy. Det stadfestar tidlegare yrkesoffiser og forfattar av bøker om krigsminne, Harald Isachsen, opphaveleg frå Askvoll, no busett i Harstad.

– Ja, det er rett. Den engelske agenten som kom til å danne førebiletet til Ian Fleming då han skreiv bøkene om James Bond opererte mellom anna på Atløy.

– Det er sikkert ikkje mange som veit det, men han låg oppe i fjella på Atløy og såg på Askvoll og området rundt, fortet ikkje langt herifrå og ikkje minst ankringshamna utanfor Askvoll som vart brukt av tyske konvoiar.

Rapporterte til MTB-ar

– Det var det han var på jakt etter, det var det han skulle rapportere til MTB-ar og ubåtar om. Så den opphavelege James Bond, altså førebiletet hans, har vore på Atløy og i Askvoll.

I biografien til Patrick Dalzel-Job står det mykje om Atløy og Askvoll, fortel Isachsen.

Arctic snow-plakat

BOK OM AGENTEN: Biografien om Patrick Dalzel-Job.

– Han har mellom anna gitt ein veldig god beskrivelse av kva han ser når han ligg oppe på Atløy og ser på hamna og skipstrafikken. Han har m.a. teke ein del bilete som er attgjevne i boka.

– På eitt av bileta ser vi tettbebyggelsen i Askvoll veldig godt, der ser vi huset eg budde i veldig godt. Han skriv at han ser barn leike, og eg innbiller meg at eitt av dei barna måtte vere meg sjølv.

Skal skrive bok om agenten

Saman med Isachsen i Askvoll er den britiske forfattaren Robert Pearson, som i fleire år har vore interessert i norsk historie.

– Eg har skrive ei bok om den norske gulltransporten, og eg skal no i gang med bok nummer to, den er om Patrick Dalzel-Job, difor er eg i Askvoll. Han inspirerte Ian Fleming til å skrive bøkene om 007 James Bond.

Den første James Bond-filmen kom i 1962. Ian Fleming har sjølv stadfesta at modellen var den engelske agenten på fjellet på Atløy. Dette stadfestar og forfattaren Robert Pearson.

– Vi har funne bevis i intervju Ian Fleming gav til eit magasin for nokre år sidan.

(Artikkelen held fram under biletet).

Atløy

DER OPPE LÅG HAN: Atløy sett frå Askvoll.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Opp til utkiksstaden

Pearson vil ta turen opp på fjellet på Atløy der den britiske agenten heldt til for å sjå og ta bilete av det agenten såg.

Isachsen seier dei har gode beskrivelsar av kvar utkiksstaden til Dalzel-Job var på Atløy, til og med kompassretningar til attkjennande gjenstandar i lendet.

– Så vi skal finne fram, dessutan har vi dei bileta han tok der oppe frå. Han tok mange foto som seinare vart tekne med tilbake til England og brukt av den engelske etterretningstenesta i flyåtak og åtak med ubåtar og motortorpedobåtar.

– Boka til Pearson kjem sjølvsagt på engelsk, har du planar om å omsetje den til norsk, Isachsen?

– Eg skriv sjølv, og i mi neste bok skal eg ha med eit kapitel om opplevingane saman med Robert her i Askvoll, så det kjem i bokform på norsk og.