Hopp til innhold

Mobilt flaumgjerde hindra stor skade på hus i Flåm

Det kan settast opp på under ein time og hindrar vatn å trenge gjennom. Brannsjefen meiner ein ny type flaumsikring vart avgjerande i Flåm.

Rett ved Flåmselvi i Aurland kommune ligg fleire hus som vart hardt råka av flaumen i 2014.

Mellom anna huset til Nils Morten Seim.

Huseigaren fekk store skadar på huset då storflaumen herja.

Nils Morten Seim følgjer overvakar Flåmselvi

Det gule huset til Nils Morten Seim ligg få meter frå Flåmselvi og fekk store skadar i 2014.

Foto: Arne Veum / NRK

Den gongen gjekk vatnet ein meter opp i fleire av romma i første etasje, og det tok lang tid før han kunne ta romma i bruk igjen.

Bilete som viser flaumskadar i 2014 i Flåm

Vatnet gjekk nesten opp til dørhandtaket heime hos Nils Morten Seim i 2014.

Foto: Privat

Difor frykta han det verste då elva steig kraftig torsdag og fredag.

Men for tre år sidan kjøpte Aurland kommune inn nytt flaumvern-utstyr. I staden for tunge sandsekkar, kan dei no nytte flyttbare flaumgjerde som kan settast opp på under ein time.

– Det einaste eg fekk inn i huset denne gongen var ei vassmengde tilsvarande to til tre bøtter med vatn. Det er ingenting i forhold til det eg måtte gjennom i 2014, seier Nils Morten i dag.

Flaumgjerd i Flåm

Når flaumgjerdet var ferdig montert, fungerte det som eit vern rundt huset til Nils Morten.

Foto: Haawal

– Hindra skade på fleire hus

Brannsjefen i Aurland kommune, Reinhardt Sørensen, er tydeleg på at det nye utstyret har utgjort ein forskjell.

Han meiner gjerdet, kombinert med lensepumper, har hindra stor skade på fleire hus som ligg i nærleiken av elva.

Inkludert huset til Nils Morten.

– Huset hadde blitt fullt av vatn om det ikkje var for flaumgjerda. Det ville kome 30–40 centimeter opp frå golvet.

Mobilet straumgjerd

På under ein time fekk mannskap opp det mobile flaumgjerdet.

Foto: Arne Veum

Han trekk fram teknologien som er laga slik at tyngda av vatnet held gjerdet stabilt.

Høgda er på rundt ein meter og består av ei gitterrist som er hovudkomponent og som gir systemet styrke.

I tillegg blir ein plastduk lagt over gjerdet for å halde vatnet ute.

Flaumgjerde i Flåm

Gjerdet stenger det meste av vatnet ute. Lensepumper tek resten og hindrar dermed flaum i husa rundt.

Foto: Arne Veum

Aukande interesse

Det er Haawal som står som leverandør – eit av fleire selskap som tilbyr flaumsikring, og som no merkar auka interesse frå kommunane.

Liknande utstyr er seld til fem andre kommunar. I tillegg er det seld utstyr til andre europeiske land, i hovudsak Tyskland.

Demonstrasjon av flaumgjerde

Så tett er gjerdet dersom det er sett opp på riktig måte.

Foto: Haawal

Flaumen denne helga var første gong utviklarane fekk testa utstyret skikkeleg i Noreg. Difor tok to frå selskapet turen frå Austlandet til Flåm.

Dei trur gjerdet kan fungere godt på stadar der det lett oppstår flaumsituasjonar. Men ikkje berre der:

– Vi veit at med klimaendringane så vil det kome flaum nye stadar. Her kan eit mobilt flaumgjerde ha god effekt, seier ein av gründerane, Øystein Blix Walderhaug.

Huseigar og brannmannskap ved flaumgjerde i Flåm.

Både Nils Morten Seim (til venstre) og brannsjef Reinhardt Sørensen (t.h) kunne sjå at flaumgjerdet heldt vatnet ute. To frå selskapet Haawal, Øystein Blix Walderhaug og Kristian Vemund Haaland tok turen til Flåm for å sjå korleis gjerdet fungerte.

Foto: Arne Veum

NVE: Positiv til nye tiltak

Tidlegare har Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) varsla at det er behov for minst 4 milliardar kroner i ulike flaum- og skredsikringstiltak.

Direktør Brigt Samdal er samstundes positiv til at kommunar tenker nytt med tanke på løysingar for flaumvern.

– Vi ser at dette blir teke meir og meir i bruk. Vi har eksempel frå lenger sør i Europa der dette har fungert ved mange hendingar.

Han meiner dette også kan vere eit godt supplement for norske kommunar, særleg i område med terreng som ikkje er for bratt.

Flaumgjerde i Nedre-Eiker

Nedre Eiker er ein av kommunane som har kjøpt inn mobilt flaumverneutstyr.

Foto: Haawal