Hopp til innhold

Mobilappar skapar turfeber – Tonje går tur kvar dag

Ein av tre nordmenn bruker tur-appar medan dei driv friluftsliv. «Sportifiseringa» har ein pris, seier kritikarar.

Tur: Tonje Nordal går tur hver eneste dag.

EIN AV TRE: Ifølgje Natur- og miljøbarometeret frå 2020 bruker godt over 30 prosent av nordmenn appar eller nettsider på mobilen medan dei driv friluftsliv.

Foto: Anne Skifjeld / NRK

Det er turfeber i Florø.

I mai lanserte turlaget ein trimpoengkonkurranse, og sidan har 2000 av innbyggarane i den vesle kommunen registrert seg på ein app for å sanke poeng.

Til saman har brukarane gått nesten 80.000 turar med appen.

Tonje Nordal er blant dei som no er på tur kvar einaste dag. Litt fordi hunden Aputi må luftast. Men også for å sanke trimpoeng.

– Eg synest det er kjekt med konkurransar. Eg er ofte innom rangeringa for å sjå kvar eg ligg. Har eg falle, så må eg kanskje gå ein tur til, seier ho.

Trimpoeng, som er namnet på appen, er ein av fleire appar som skal motivere folk til å komme seg ut på tur.

Ifølgje Natur- og miljøbarometeret frå 2020 bruker godt over 30 prosent av nordmenn appar eller nettsider på mobilen medan dei driv friluftsliv.

– Inntrykket er at teknologiske nyvinningar bidreg til at fleire kjem seg ut, seier Bente Lier, generalsekretær i Norsk Friluftsliv.

For nokre er appane sjølve grunnen til at dei tek seg ut i løypene; for andre kan appen vere noko som «løftar opplevinga» og berikar turen dei likevel skulle på, seier Lier.

– For eksempel ved å finne namn på ulike fjell og fuglearter undervegs.

Turkamerat: Hunden Aouti er fast turkamerat for Tonje Nordal.

TURKAMERAT: Hunden Aputi er som regel med på turane til Tonje Nordal.

Foto: Anne Skifjeld / NRK

Falsk tryggleik

Imre van Kraalingen ved Noregs idrettshøgskule forskar på kva bruken av mobile einingar under friluftslivsaktivitetar gjer med oss.

– I utgangspunktet meiner eg at teknologi ofte held ofte folk inne, men slike friluftsappar kan bidra til at folk tek i bruk naturen, seier ho.

Ho legg til at teknologi gjer det lettare og tryggare å vere ute i naturen, men også kan skape ein «falsk tryggleik».

– Om du manglar grunnleggjande ferdigheiter, vil faren kunne vere større om teknologien, til dømes GPS på mobil, skulle svikte.

I førre veke passerte Fjelltoppjakten 100.000 innsjekkingar. Appen vart lansert i februar fordi Ivan Hjelmeland og ein kamerat trengde motivasjon for å komme seg ut under pandemien.

– Teknologi kan hjelpe oss ut i naturen, men det er viktig å huske på at teknologien kan svikte og at den aldri bør erstatte det gode gamle kartet og kompasset, seier Hjelmeland.

Poeng: Ved hjelp av appen kan Tonje Nordal registrere turmål.

POENG: Ved hjelp av appen kan Tonje Nordal registrere turmål.

Foto: Anne Skifjeld / NRK

«Sportifisering» av friluftslivet

I rapporten Friluftsliv i endring (NINA) vert det gjort eit poeng av dei nye appane bidreg til ein «sportifisering» friluftslivet. Ein tendens enkelte meiner bryt med grunnverdiane og eigenarten til friluftsliv.

– Det finst ganske mange som er fundamentalt mot bruk av teknologi i naturen. Då vil eg seie at bruk av mobilteknologi må vere bevisst, seier van Kraalingen.

Appen Stolpejakten har i dag 170.000 registrerte stolpejegerar. Til saman har dei besøkt 9,2 millionar stolpar.

– Vi har lagt vekt på lav terskel for å komme i gang. Målet er å få fleire fysisk aktive for på den måten få et betre liv, seier prosjektleiar Arnfinn Pedersen.

Turgåer
Foto: Anne Skifjeld / NRK

– Ikkje la teknologien distrahere

Stine og Hege Schultz Heireng driv nettstaden «Tursøstre».

Sjølv om telefonen kan vere til nytte på turen, er det viktig at du ikkje blir avhengig av han, seier dei.

– Turappar gir mogelegheit til å få trening, frisk luft, nye opplevingar og bli betre kjent i nærområdet. Du blir også flinkare til å orientere deg i skog og by.

Sjølv brukar dei kart-appar som planleggingsverktøy før turen, men også undervegs på turen.

– Vi heiar på alt som bidreg til meir friluftsliv og utandørsaktivitetar. Berre hugs å vere til stades i naturen. Ikkje la teknologien distrahere deg.

Søstre: Hege og Stine driver blogg, og har skrevet bøker om norsk friluftsliv

SØSTRER: Hege og Stine driv blogg, og har skreva bøker om norsk friluftsliv

Foto: Emil Wiik Larsen