Hopp til innhold

Fleire krasjar på grunn av mobilbruk i bil

Talet på innmelde bilskadar til forsikringsselskapa aukar. Arne Voll i Gjensidige seier årsaka er at folk i større grad er opptekne av andre ting enn vegen framfor seg og bilane rundt.

Mobilbruk i bil

PROBLEM: Stadig fleire melder om bilskader etter uhell som følgje av mobilbruk bak rattet.

Foto: Jean-Francois FREY / PHOTOPQR/L'ALSACE

I fjor var det ein 14 prosent auke i talet på innmelde skadar til forsikringsselskapa frå bileigarar i Norge.

Bransjen betalte ut totalt fem milliardar kroner etter materielle skadar på lett køyretøy - det er ein auke på 400 millionar, syner tal frå Finans Norge.

Arne Voll

– STRESS NED: Arne Voll, informasjonssjef i Gjensidige, ber folk om å stressa ned når dei køyrer, og å ha fokus på det ein skal: nemleg vegen.

Foto: Gjensidige

– I dag er mobiltelefonen blitt ei datamaskin, og den er årsaka til veldig, veldig mange skadar. Det er også noko at ein skal hjelpa borna i baksetet med iPad og andre ting. Men mobil er nok ein av dei aller største farane når ein er ute og køyrer, og det har skjedd dødsulukker fordi ein har blitt freista til å bruka mobil medan ein køyrer, seier informasjonssjef Arne Voll i Gjensidige.

I fjor fekk forsikringsselskapa meldt inn 7222 skadar frå bileigarar berre i Sogn og Fjordane – det er 13 prosent meir enn i 2012. Mellom anna var det stor auke i talet på bilar som vart påkøyrde bakfrå.

– Me veit det at erfaringsmessig kan det vera at ein hamnar i kø eller mykje trafikk, og så vert ein freista til å sjekka på mobilen kva som skjer, og så endar det opp med at ein køyrer inn i bilen framfor og skapar endå meir kø, seier Voll.

UP-patrulje - Elling Krogen

UP-SJEF: Elling Krogen er fungerande distriktsleiar i UP.

Foto: Ole André Rekkedal

Har auka kontrollar mot mobilbruk

Elling Krogen er fungerande distriktsleiar i UP. Han er mykje ute på vegane i Sunnfjord og Nordfjord, og han har merka ein stor auke i bruken av mobiltelefonar og andre saker som tek merksemda vekk frå vegen.

– Det er utruleg å sjå at folk ikkje berre snakkar i ein handhalden mobil etter å ha tasta eit nummer, men at dei sender tekstmeldingar medan dei køyrer. Det vil seia at store deler av tida er blikket festa på mobiltelefonen, og då vekk frå trafikkbiletet. Det er ein livsfarleg aktivitet, seier Krogen.

– Kva gjer de i politiet for å få bukt med slike ting?

– Me har auka talet på kontrollar retta mot bruk av mobiltelefon. Me er på vegen heile året med begge dei patruljane i Sunnfjord og Nordfjord, der brukar me ein del tid knytt opp mot kontroll av mobiltelefonbruk og også ein del tid på beltekontroll.

Vil ha prikkar for mobilbruk

Krogen meiner tida kan vere inne for å slå hardare ned på bruken av handhalden mobiltelefon – han ynskjer at dei som blir tekne for slikt får prikkar i førarkortet.

– Det er eit forenkla førelegg på 1300 kroner. Så kan ein jo byrja å sjå om det står heilt i stil med det å køyre seks kilometer over grensa i ei 50-sone, då får ein 1600 kroner i bot.

Åtte prikkar på førarkortet gjer at ein mistar førarkortet i seks månader.

– Ein får ingen prikkar på bruk av handhalden mobil. Prikkbelastningssystemet er kanskje noko Vegdirektoratet burde vurdere om skal takast i bruk, og på den måten verka meir avskrekkande.