Hopp til innhold

Mobbeombod vil ha vaksne i garderobane

Skulane bør ha lærarar i gymgarderobane heile tida, meiner mobbeombod. Ein god tanke, men vanskeleg å gjennomføra, meiner rektor.

I garderoben på Fridalen skole

GARDEROBE: Elev Oda Sofie Rørlien Kvamme synest det går fint utan vaksne i garderoben på Fridalen. Her med rektor Rune Monsen.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Garderobane kan fort bli ein mobbearena, meiner mobbeombodet i Hordaland.

– Me veit at mobbing skjer der dei vaksne ikkje er. Barn og unge skal sjølvsagt få ha sine fristader, men akkurat i garderoben er det fornuftig at det er vaksne til stades mesteparten av tida, seier Mari-Kristine Morberg, mobbeombod i Hordaland.

Men på Fridalen skole er det ikkje alltid ein lærar til stades i gymgarderoben.

Elevane Oda Sofie Rørlien Kvamme og Sebastian Neeven Rosendahl føler likevel at dei blir tekne godt hand om før og etter gymtimen.

Elevar på Fridalen skule

NØGDE: Oda Sofie Rørlien Kvamme og Sebastian Neeven Rosendahl i sjette klasse på Fridalen skole.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

– Viss det er ein mann, pleier han å banke på, og så kommuniserer me gjennom ein liten sprekk i døra, seier Oda Sofie.

Dei synest det er greitt at det ikkje alltid er ein lærar til stades.

Vanskeleg å få til

– Det er problematisk når ein berre har ein mannleg lærar til dømes, for då kan ikkje han gå inn i jentegarderoben og motsett, seier Rune Monsen, rektor på Fridalen skole.

Monsen synest det å ha ein lærar i garderoben heile tida er ein god ide, men at det er vanskeleg å få det til i praksis.

I ei nasjonal kartlegging om kroppsøving gjort av forskarar ved Høgskulen Innlandet sa over halvparten av elevane at det ikkje var ein vaksen til stades når dei var i garderoben.

– Sjølv om me ikkje har undersøkt om dette korrelerer med at mange blir mobba i garderoben, er det grunn til å tru at dette heng saman, fortel forskar Kjersti Mordal Moen ved Høgskulen Innlandet.

Mobbeombod i Hordaland

ALEINE: Mobbeombodet i Hordaland, Mari-Kristine Morberg, stiller spørsmål ved at så mange elevar opplever at dei er heilt aleine utan ein lærar i garderobe- og dusjsamanheng.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK Hordaland

Tal frå den nyaste elevundersøkinga frå 2018 viser at 14 prosent av dei som blir mobba, fortel at mobbinga skjer i garderoben og i dusjsamanheng. Det er ei auke på to prosent frå året før.

– Me meiner heilt klart at læraren må bli ein tydeleg vaksen i garderoben. Det betyr ikkje at læraren må stå midt i garderoben til ei kvar tid, men at elevane skal vite at læraren er tilgjengeleg og ledig til å hjelpe, seier Moen.

Sender feil signal

Men fleire skuleleiarar meiner det blir feil å ha vaksne til stades i garderobane til kvar ein tid.

– Det er unaturleg og sender signal om at me tek for gitt at elevane ikkje klarer å oppføre seg, seier rektor på Bjørndalsskogen skole, Yngve Jørgensen.

Rektor på Bjørndalsskogen skule

KRITISK: Yngve Jørgensen, rektor på Bjørndalsskogen skule, vil heller legge vekt på førebygging.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Han meiner at ein må gå utifrå at elevane klarar å skifte i garderoben utan at det oppstår uønskte episodar.

På Bjørndalsskogen skole legg dei meir vekt på førebygging og å førebu elevane til dei skal byrje å dusje aleine.