Hopp til innhold

Mjølkebonde Anders satsa mot straumen – no kan han sove litt betre

Det blir ein travel sommar for mjølkebøndene og kyrne deira. No har regjeringa lagt inn ei ekstra bestilling på 50 millionar liter mjølk.

Anders K. Mundal

NYTT FJØS: Bonden Anders Mundal håpar at folk framleis legg meieriprodukt i handlekorga etter koronakrisa.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Eg er ein nøktern optimist, seier mjølkebonde Anders Mundal.

Under koronakrisa har nordmenn helt meir mjølk i glasa og handla fleire pakkar med ost enn før. Det har ført til ein solid oppsving i salet av meieriprodukt, noko som gjer at det er tinga fleire titals millionar liter ekstra med mjølk av bøndene i Noreg.

I fjor var situasjonen heilt annleis. Då blei det bestemt at den norske mjølkeproduksjonen måtte bli kutta med 100 millionar liter i året. Mjølkebønder stod nærast i kø for å legge ned og selje kvotane sine.

No er håpet blant bøndene at etterspurnaden også skal vare etter koronakrisa. Ein av dei er Anders Mundal i Fjærland i Sogn. I februar opna han ein splitter ny fjøs på 2200 kvadratmeter med millionar på spel.

Så kom mars og koronaviruset. Stengde grenser og meir tid heime gjorde at mjølkesalet gjekk til himmels.

– Det er lov å håpe at dette kan vere ei positiv endring for norskproduserte råvarer, men det står att å sjå, seier Mundal.

Fjøsen til Anders Mundal i Fjærland.

STOR ETTERSPURNAD: Ein auke i mjølkekvotane kan bety ein travel sommar for desse mjølkekyrne i Fjærland.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Større behov i sommar

No har Tine rigga seg til for at nordmenn kjem til å halde fram med å legge meir av norske meieriprodukt i handlekorga.

– Me ser ganske store endringar i kva folk et. Me trur dette kjem til å gje eit større behov for mjølk gjennom sommaren, seier direktør for rådgjeving i Tine, Johnny Ødegård.

I april kunngjorde regjeringa at dei kom til å auke mjølkekvoten med fem prosentpoeng, noko Tine håpar held fram når grensene opnar att.

– Me ønskjer å slåst litt for volumet, og skal gjere det me kan for å halde på det så lenge som mogleg, seier Ødegård.

Johnny Ødegård, direktør rådgivning og medlemsservice i Tine

BEHOV: Johnny Ødegård i Tine trur etterspurnaden for meieriprodukt kjem til å auke i sommar.

Foto: Even Lusæter / NRK

Kan bli kortvarig

Bondelagsleiar i Sogn og Fjordane, Anders Felde, gler seg over at nordmenn har fått smaken på norske meieriprodukt under koronakrisa.

– Eg håpar og trur at me ser ein trend, og at folk får auga opp for norske råvarer, seier han.

– Er det ein fare for at bøndene som skalerer opp produksjonen, må bu seg på å skalere ned igjen?

– I 2021 må vi nok bu oss på at behovet for mjølk går betydeleg ned, seier Felde.