Hopp til innhold

Mistillitsforslag mot byrådsleiaren i Bergen

Folkets parti (FNB) fremjar mistillitsforslag mot byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) i barnevernssakene i Bergen.

– Han har vore ansvarleg for byrådet og det har vore stor utskifting på sosialbyrådsplassen. Så stor utskifting er ikkje bra for kontinuiteten i leiinga av barnevernet, seier gruppeleiar Cesilie Tveit til NRK.

Ho legg til at dei særleg reagerer på at sosialbyrådstillingen blei slått saman med ein annan byrådsstilling, då byrådet vart komponert på nytt då KrF trakk seg ut i august.

Partiet har hatt møter både tysdag og onsdag, og Tveit seier det er ei samla gruppe som står bak mistillitsforslaget.

Partiet har 8 representantar i bystyret i Bergen og er difor det nest største opposisjonspartiet, bak Høgre som har 14 representantar. Frå før har SV stilt mistillitsforslag mot sosialbyråd Katrine Nødtvedt (MDG).

Byrådet i Bergen
Foto: Marit Hommedal / NTB