Hopp til innhold

Mister over sju millionar i statsstøtte

4H-fylket Sogn og Fjordane vert hardt råka av endringane i statsbudsjettet som vart lagt fram torsdag. I alt 33 organisasjonar mister støtte i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett.

Åge Avedal, regionleiar i 4H i Sogn og Fjordane

MISTER STATSSTØTTE: Åge Avedal er regionleiar i 4H i Sogn og Fjordane.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Hardast går det altså ut over 4H.

– Dersom vi mister 7,1 millionar kroner slik regjeringa føreslår, så er det kjempedramatisk for 4H, seier Åge Avedal som er regionleiar i 4H i Sogn og Fjordane. .

Det er dramatisk for alle organisasjonane som er foreslått kutta i denne posten som er på budsjett til Landbruks- og matdepartementet. Det smertar ekstra for 4H som for berre eitt år sidan gjennomførte i stor omorganisering der 15 tilsette kringom i landet vart sagde opp. Kutta den gongen kom som følge av at dei ikkje lenger fekk ha gratis kontorplassar ved landbruksavdelingane til Fylkesmannen, slik dei hadde hatt dei siste 50-60 åra.

– Det vart tatt vekk for to år sidan, og no med kuttet på 7,1 millionar må vi skjere til beinet og meir så til, seier Avdal.

Går ut over barn og unge

Berre i Sogn og Fjordane har 4H 70 klubbar og 1900 medlemmer. På landsplan er det 600 klubbar og 15 000 medlemmer I tillegg har 4H 50 gardar rundt om i landet, som i fjor til saman hadde 340 000 besøkande som lærte om norsk landbruk og kvar maten vert produsert. Avedal seier at eit kutt i støtta på 7,1 millionar kroner vil få konsekvensar for aktiviteten.

– Det er klart at vi har ikkje moglegheita til å gjere den same jobben med opplæring og gi dei unge kunnskap som kan vere viktig å ha med seg inn i framtida, dersom vi får det store kuttet som regjeringa legg opp til.

– Men med så mange medlemmer og gode vener av 4H, hadde det ikkje då vore råd å auke eigenbetalinga i staden for å måtte tigge staten om pengar?

– Det er det regjeringa argumenterer med, at dei vil gjere organisasjonane meir frie og sjølvstendige. Eg tenker at den fridomen like gjerne vert ein kamp om meir sponsormidlar, og då får vi ikkje den føreseielegheita i drifta som vi har i dag, seier Avedal.

Håpar på hjelp i Stortinget

Det har også tidlegare kome kuttforslag på den same posten som galdt 4H og dei andre organisasjonane. Den gong klarte dei å få reversert det. Det håpar Avedal dei skal klare også denne gongen.

– No må vi stå på det vi kan både overfor regjeringa og Stortinget. No skal budsjettet gjennom forhandlingsrundar og ein må finne sine samarbeidspartnarar for å få eit fleirtal for budsjettet. Blir dette ståande trur eg det vert svært vanskeleg for vår organisasjon, seier Avedal.