Hopp til innhold

Mistenkt for biltjuveri og fleire innbrot

To menn er arresterte på Bryggja i Vågsøy. Begge er mistenkte for biltjuveri, fleire innbrot, samt tjuveri og bruk av falske skilt.

Mennene vart arresterte ved Bryggja i Vågsøy kommune i føremiddag. Dette skjedde etter at ein person hadde meldt frå om at registreringsskilta på bilen hans var stolne.

– Vi fekk i utgangspunktet melding om stolne registreringsskilt. Desse vart observert på ein annan bil ved Bryggja, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Wenke Hope.

Knytt til innbrot

Det bar to personar i bilen. Dei to mennene hadde forlate køyretøyet når politiet kom til staden, men dei vart funne i nærleiken.

I tillegg er dei to mistenkte for å ha gjort innbrot i to offentlege bygg i Måløy natt til tysdag.

– Det er gjenstandar i den stolne bilen som kan knytast til innbrot på ein skule og i ein idrettshall, seier Hope.

Veit ikkje kva som er stole

Politiet fekk melding om innbrota i føremiddag, men kan førebels ikkje seie noko om kva som er stole.

– Politiet har framleis ikkje vore på åstadsundersøkingar, så det er for tidleg å seie noko om kva som er teke. Dei fornærma har heller ikkje gått gjennom bygget. Undersøkingane vil bli gjennomført i løpet av dagen, fortel Hopen.

Ho kan heller ikkje sjå bort frå at det har vore fleire innbrot i løpet av natta.

– Det er mogleg at det har vore fleire innbrot. Om nokon oppdagar innbrot må dei melde frå, seier Hopen.