Hopp til innhold

Mistenkjer paratuberkulose

For første gong sidan 2003 er det truleg funne paratuberkulose-smitte i ein storfebestand i Norge.

kyr

Illustrasjonsfoto.

Foto: NRK

Mattilsynet har bandlagt ein storfebestand i Sogn og Fjordane for å hindre spreiing av sjukdomen.

- Her i Norge er ikkje denne sjukdomen vanleg. I andre europeiske land er den relativt hyppig på storfe. Her i fylket må vi attende 10-15 år før vi hadde førre tilfelle, og så langt eg har oversikt over er dette første funnet sidan 2003 på landsbasis på storfe, seier seniorinspektør Kåre Rudningen hos Mattilsynet.

Ingen behandling

Det var ein privatpraktiserande veterinær som meinte å kjenne att symptoma hos ei seks år gamal ku. Den aktuelle kua vart avliva. Dei første prøvane frå tarm og lymfeknutar viser paratuberkulose. Endeleg diagnose er venta om ein til to månadar.

Omfattende forsking har ikkje vist noko årsakssamanheng mellom paratuberkulose hos drøvtyggarar og sjukdom hos menneske, men sjukdomen er alvorleg for dyr som blir smitta.

- Det er ein førdøyelseseinfeksjon på storfe som gjer seg utslag i kronisk diare og gradvis avmagring og til slutt døyr dyret om det ikkje blir avliva. Det finnast ingen behandling mot sjukdomen, seier Rudningen.

Ikkje farleg for menneske

Dyresjukdomen smittar mellom drøvtyggarar, og Mattilsynet nektar garden å selje og kjøpe livdyr. Smitteoverføring skjer ved inntak av fôr og vatn forureina med avføring som inneheld bakteriane.

Dei andre dyra i besetninga vil bli undersøkt, og kontaktbesetningar vil bli kartlagt. På bakgrunn av denne kartlegginga vil det eventuelt bli iverksett ytterlegare naudsynte tiltak for å hindre videre smittespredning.