Hopp til innhold

Nærkontaktar til UiB-tilsette smitta – mistenker smitteutbrot med indisk variant

Bergen kommune mistenker at fleire enn fem UiB-tilsette no er smitta av den indiske varianten av koronaviruset. – Beklageleg, seier rektor ved universitetet.

Pressekonferanse om koronasituasjonen i Bergen. Egil Bovim

FØLGJER UTBROT: Smittevernoverlege Egil Bovim i Bergen kommune seier dei gjer det dei kan for at mogleg utbrot av indisk variant ikkje spreier seg vidare.

Foto: Marit Hommedal / NTB

– Nokre nærkontaktar til dei fem universitetstilsette har no testa positivt. Vi mistenkjer at også dei har den indiske varianten, seier smittevernoverlege Egil Bovim i Bergen kommune.

Han vil ikkje seie kor mange smitta nærkontaktar som no kan knytast til utbrotet ved Universitetet i Bergen (UiB), men seier det dreier seg om «få».

Det var 4. mai at UiB meldte om at det var påvist den indiske varianten av koronaviruset i ein positiv prøve frå ein tilsett. Den tilsette har vidare smitta fire kollegaer.

Det var BT som først meldte at også nærkontaktar av dei tilsette no har testa positivt. Dei tilsette jobbar ved Institutt for fysikk og teknologi, ifølge avisa.

Fysisk institutt UiB

INDISK PÅ FYSISK: Nærkontaktar til tilsette ved Institutt for fysikk og teknologi ved Universitetet i Bergen har testa positivt for den indiske koronavarianten.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Beklageleg

Den indiske mutasjonen har så langt ikkje fått særleg fotfeste i Noreg. Det har til no vore enkelte og isolerte tilfelle som er oppdaga.

Utbrotet på UiB i førre veke er difor det første i Noreg der smittepotensialet kan vera stort. Både FHI og Helsedirektoratet fryktar at regjeringa sin gjenopningsplan kan stå i fare om varianten spreier seg i Noreg.

– Vi arbeider framleis med å sikre at utbrotet ikkje spreier seg vidare, forsikrar Bovim til NRK.

Dei tilsette ved UiB vart sett i karantene før den første helga i mai. Nærkontaktar er så spora opp og også sett i karantene.

– Det er beklageleg at smitta har spreidd seg. Vi håpar det går bra med dei og at det ikkje smittar vidare. Slik eg forstår helsestyresmaktene, så har dei oversikt over utbrotet, seier UiB-rektor Margareth Hagen til NRK.

Margareth Hagen, rektor ved UiB.

UIB-REKTOR: Margareth Hagen.

Foto: UiB

Ingen mistanke om regelbrot

Mikrobiologisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus jobbar med å stadfeste at også dei andre fire prøvane frå UiB er av den indiske varianten.

Analysen tek lenger tid enn hurtigtesten for den engelske mutasjonen, fordi heile arvestoffet til mutasjonen må gjennom sekvensering.

Endeleg svar er venta onsdag, får NRK opplyst frå laboratoriet.

Bergen kommune har tidlegare opplyst til NRK at det første tilfellet frå UiB er importsmitte.

Innreisetiltak for reisande frå land som Bangladesh, India, Irak, Nepal og Pakistan vart skjerpa frå 28. april.

Den første koronaprøven, som seinare vart stadfesta som indisk variant, vart teken før 28. april, fortel smittevernoverlegen til NRK.

– Vi har sjekka og har ingen grunn til å tru at karantenereglar er brotne i samband med dette utbrotet, seier Bovim.

Uviss om vaksineeffekt

Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad i Helsedirektoratet sa førre veke til NRK at det er usikkert om vaksinane virkar mot den indiske koronamutasjonen.

– Vi veit eigentleg veldig lite om kor effektive dei er mot den indiske varianten. Det er jo det ein no spør seg om i heile verda, sa Nakstad.