Hopp til innhold

Mistenkelege dødsfall på Askøy: – Drap og sjølvmord som hovudteori

Ein mann (28) og ei kvinne (54) vart funne døde ved ei leilegheit på Askøy. Politiet meiner det er mor og son som er funne. Hovudteorien er at det har gått føre seg eit drap og sjølvmord.

Frå dagens pressekonferanse i Bergen.

DRAP OG SJØLVMORD: Politiet sin hovudteori er at det har gått føre seg eit drap og eit sjølvmord på Stongafjellet på Askøy.

Foto: Karoline Finnema / NRK

Det var klokka 18.43 laurdag kveld at politiet rykte ut til bekymringsmeldingar ved ein bustad på Stongafjellet på Askøy. Der fant dei ein død mann og kvinne.

Politiet uttalte seg tidleg om at det truleg er ei mor og hennar son som vart funne døde ved bustaden.

Drap og sjølvmord

– Det er funna på staden som gjer at dette er hovudteorien, seier påtaleansvarleg Elisabeth Bru.

Identifikasjon av dei avdøde vil først skje under obduksjonen seier Bru. Ifølge ho var det familien og ein nabo som varsla AMK etter at dei ikkje hadde høyr frå dei avdøde på fleire dagar. Politiet kom til staden minuttar seinare.

– Politiet tok seg inn i leilegheita via ei altandør. Så vidt eg veit var ikkje døra låst, seier ho.

Mistenkelige dødsfall på Askøy

MISTENKELEGE DØDSFALL: Det er meldt om to mistenkelege dødsfall på Stongafjellet på Askøy.

Foto: Karoline Finnema / NRK

Lege i minst eitt døgn

– Dei døde har lege i leilegheita i over eit døgn. Siste bekrefta observasjon av kvinna var på onsdag.

Påtaleansvarleg seier det ikkje er andre mistenkte i saka.

– Per no har vi ingen mistenkte vi jaktar på.

Bru seier politiet ikkje vil kommentera om det er funne våpen i saka av omsyn til etterforskinga.

– Dei krimtekniske undersøkingane vil fortsetje måndag. Då vil dei avdøde samstundes obduserast, seier ho.

Bru seier politiet vil undersøkje om det har vore psykiatri inne i bildet.

– Per no kan vi ikkje seie noko om dette av omsyn til personvernet.

Følgjer opp dei pårørande

Alle dei pårørande er varsla. Ein nabo i området seier burettslaget er i djup sorg etter hendinga.

Ordførar i Askøy kommune, Siv Høgtun, seier kommunen har sett inn eit psykisk helseteam som følgjer opp dei pårørande.

– Eg fekk beskjeden i går kveld om at det hadde skjedd ein tragisk hending og at to døde var involvert. Mine tankar går til dei som er råka og dei pårørande. Vi vil gi den hjelpa som det er behov for.

Høgtun seier dei som har behov for hjelp frå kommunen kan kontakte Askøy legevaktsentral.

Stongafjellet er det største bustadfeltet i kommunen med nærmare 900 bueiningar, seier ordføraren.

Ordfører i Askøy Siv Høgtun

SETT INN KRISETEAM: Ordførar i Askøy Kommune, Siv Høgtun, seier kommunen har sett inn psykisk helseteam for dei pårørande.

Foto: Karoline Finnema / NRK