Hopp til innhold

Miste taket i orkanen

– Vinden fredagskvelden var verre enn Dagmar, seier Hans Petter Selstad.

Selstad

VINDEN FOR MED TAKET: Takkonstruksjonen på Selstadbygget var det doble av det som er standar, likvel vart ikkje nok til å stå i mot ekstremvêret Tor.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Fredag kveld rykte han ut etter å ha fått melding om at porten til verksemda, som lagar produkt til maritime næringar, var slått inn.

– Då vi kom fram så såg vi at taket var vekk også. så då var det berre å sikre så best vi kunne seier Selstad.

I Vågsøy har han opplevd mykje vind opp gjennom åra, men ekstreemvêret Tor er det verste han har vore med på.

– Det er det vereste i vi har hatt på denne tida av åre, under Dagmar hadde vi ein liten skade, men det her var mykje verre, seier Selstad.

Vindrekord i Vågsøy

I samband med ekstremvêret Tor vart det sett ny vindrekord i Vågsøy . Ifølgje Meteorologisk institutt vart det registrert middelvind på 48,9 meter i sekundet på Kråkenes Fyr.

– Det var sterke krefter i sving, faktisk meir enn eg trudde det var, seier ordførar Kristin Maurstad (Ap).

Kristin Maurstad

VERRE ENN VENTA: Kristin Maurstad (Ap) er ordførar i Vågsøy

Foto: Trond Vestre / NRK

I løpet av fredagen fekk kommunen inrapportert 30 hendelsar som det måtte ryddast opp. Maustad meiner beredskapen i kommunen fungerte bra, og stor sett er det snakk om mindre skadar som dei har fått melding som sålangt

– Ekstremvêret vart nesten verre enn vi hadde forenta, og det varte lenger. Det var veldig kraftige vindkast då stod på som verst, men skadane stort sette mindre, om vi ser vekk frå Selstadbygget, seier Maurstad.

Opprydding

På det omtalte Selstadbygget er ryddearbeidet i full gang.

– No er det snakk om å sikre. Vi må få rydde unna og få kontroll på alle lause deler. Ein del av at taket som var rive laust ligg framleis på ein annan del av taket så det må vi få vekk i dag. Og så må vi få tetta resten av taket.

Bygget står på ein vundusett stad, og dimensjonane på takkonstruksjonar og taktekking er difor det doble av det som er standard.

Hans Petter Selstad

OPPRYDDING: Hans Petter Selstad er administrerande direktør

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

–Eg hadde aldri i min villaste fantasi trudd at dette taket skulle fare.

Tre av byggningane til verksemda har fått skadar, men heldigvis vart ingen personar skadde

– Vi er veldig glade for at ingen personar vart skadde, det er det viktigaste av alt. Desse taka skal vi alltids få fiksa.

– Har du noko overssikt over verdien på skadane?

– Nei, det har eg ingen ide om. Mesparten av varene våre toler jo vatn så eg reknar med at det skal gå bra. Og heldigvis så skal ikkje dette ha noko effekt på produksjonen. Den skal nok går som normalt på måndag, seier Selstad.