Hopp til innhold

Miste lappen på E39

Ein bilførar må ta beina fatt etter at han onsdag kveld vart målt til 116 km/t i ei 80-sone i Norevikane på E39 i Høyanger. Føraren måtte levere frå seg førarkortet og kan vente seg eit oppgjer med lovas lange arm. I tillegg fekk fem andre førarar forenkla førelegg etter å ha vore for harde på gassen same stad.