Han skaut to hjortar nattestid, og vitne melde ifrå til politiet om det dei meinte var mistenkelege metodar.
Lensmann i Luster, Asle Karoliussen, seier mannen truleg brukte både bil og lys i jakta, noko som er lovstridig.
Mannen nektar for å ha gjort noko ulovleg. Det er usikkert om han må møte i retten, eller om han slepp med eit førelegg.