Hopp til innhold

Mistanke om kusma i barnehage på Sotra

Etter utbrot i Bergen og Trondheim, kan kusma no vera påvist i ein ny kommune.

Smittevernlege Ørjan Vågane i Sund kommune bekreftar at dei mistenkjer eitt tilfelle av kusma i ein barnehage i kommunen.

– Eg fekk melding om det for to dagar sidan. Det er snakk om klinisk mistanke hjå eitt barn, seier Vågane til NRK.

Dermed kan kusma no bli påvist i nok ein kommune. Den siste tida har det vore meldt om kusmautbrot i Trondheim og i Bergen. I sistnemnde by er det snakk om over ti smitta personar.

Set i gang tiltak

Smittevernlegen i Sund presiserer at prøvane av barnet ikkje er verifisert.

– Dei er sendt over til Folkehelseinstituttet for kontroll og verifisering. Vi ventar endeleg svar derifrå.

Barnet går i Skogsvåg barnehage i Sund kommune. I den aktuelle barnehagen er det sett i gong tiltak, og foreldra er informert om den moglege smitten.

Dei som ikkje har vaksinert barna sine for kusma, har fått beskjed om at dei bør vurdera det no. I tillegg er barnehagen desinfisert og det er sett inn alminnelege tiltak om reinhald.

– Vi har også bedt foreldre ta kontakt med fastlege straks dei ser symptom på barna som kan minna om kusma, seier Vågane.

Barnehagen er ikkje stengt som følgje av mistanken.

Dropesmitte

Kusma blir spreidd med dropesmitte, og er i utgangspunktet ein relativt ufarleg sjukdom. Men i enkelte tilfelle kan det oppstå alvorlege komplikasjonar.

Vanlege symptom er kjensle av ubehag, feber og at ein hovnar opp i ansiktet.

Det er MMR-vaksinen som vaksinerer mot sjukdomen. Det er ein blandingsvaksine mot meslingar, kusma og røde hundar, og blir oftast gitt til barn i 15-månadars-alderen.