Hopp til innhold

Mista fingeren - Nordfjord Kjøtt må betale

Alojz vart kvesta i ei arbeidsulukke, no må Nordfjord Kjøtt betale bot på 125 000 kroner.

Alojz Stefka mista fingeren ved Nordfjord Kjøtt

MISTA FINGEREN: Nordfjord Kjøtt får ei bot på 125 000 kroner etter at Alojz Stefka mista fingeren i ei arbeidsulukke.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Nordfjord Kjøtt har akseptert bota for brot på arbeidsmiljølova på to punkt. Det tok politiet tre år å avgjere straff etter arbeidsulukka der Alojz Stefka mista fingeren.

– Nordfjord Kjøtt får ei bot på 125 000 kroner, som er vedteke av føretaket, seier politiadvokat Merete Sundal i Vest politidistrikt.

Administrerande direktør i Nordfjord Kjøtt, Geir Egil Roksvåg, vil ikkje kommentere saka.

Fleire arbeidarar tok i NRK eit kraftig oppgjer med bedrifta og skulda Nordfjord Kjøtt for høgt tempo og arbeidspress som gjekk ut over tryggleiken. Nordfjord Kjøtt sa på si side at helse og tryggleik hadde fyrsteprioritet.

Mista fingeren

I 2014 politimelde Arbeidstilsynet Nordfjord Kjøtt for fleire brot på arbeidsmiljølova.

Ei maskin som kutta skinke hadde ein defekt del, men likevel vart Stefka sett til å jobbe med maskina. Då Stefka opna dekselet for å trekke ut ei feilprodusert skinke skulle maskina automatisk stogge, men fingeren vart kutta tvert av.

I førelegget står det at fleire tilsette hadde meldt frå om feilen tre dagar tidlegare. Defekten skuldast ein tape over naudstoppbrytaren som skulle syte for at maskina stogga dersom dekselet over kuttmekanismane vart opna.

Stefka uttalte til NRK at han følte seg tvungen til å jobbe med maskina. Arbeidstilsynet uttalte at det er graverande at Nordfjord Kjøtt ikkje retta opp feilen. Hendinga kunne lett fått eit meir alvorleg utfall, der Alojz Stefka i praksis kunne mista armen og fått livstrugande skader.

Stefka sin advokat, Odd Arne Nilsen, seier til NRK at det han enno ikkje har vore i kontakt med Stefka.

– Når eg får snakka med han skal vi ta stilling til kva vi eventuelt gjer vidare, seier Nilsen.

Har redusert bota

Politiet har også funne at Nordfjord Kjøtt ikkje risikovurderte maskina og meiner maskina burde vore teken ut av drift.

Etter det NRK kjenner til hadde politiet i utgangspunktet skrive ut ei langt større bot til Nordfjord Kjøtt. Men Nordfjord Kjøtt protesterte og det vart sett i verk ny etterforsking.

– Det har tidlegare blitt laga eit førelegg i saka, så er det kome innseiingar frå føretaket som har ført til nye etterforskingssteg, seier Sundal.

Sundal seier lovbrota som Nordfjord Kjøtt må betale for er dei same, men at summen likevel er nedjustert.

– Det er ei endring i grunnlaget for førelegget, og det at saka har tatt lang tid, som gjer at summen er ein riktig straffereaksjon. Etterforskinga har endra grunnlaget noko, men lovbrotet er det same.