Hopp til innhold

Ordføraren trassa eige parti - igjen

I dag stemte Kvam-ordføraren nok ein gong mot sitt eige parti, og sto fast på nedleggjing av Norheimsund ungdomsskule.

Norheimsund skule
Foto: Tore Sevheim / NRK

11. november i fjor vedtok heradstyret i Kvam at elevane på ungdomstrinnet i kommunen skulle samlast i Øystese, og at ungdomsskulene i Norheimsund og Ålvik skulle leggast ned.

Arbeiderparti-ordførar Astrid Selsvold sørga saman med partikollega Even Øyri for fleirtal og nedleggjing, trass i partiet sitt standpunkt andre vegen.

Ville stå fritt

På måndagens medlemsmøte i Kvam Ap blei det, med 70 mot 40 stemmer, bestemt å senda skulesaka i retur til rådmannen.

Ifølgje lokalavisa i Norheimsund, Hordaland Folkeblad , signaliserte Even Øyri og ordførar Astrid Farestveit Selsvold at dei ynskte å verta fristilte i saka. Det ville ikkje partileiar Sveinung Vestbø godta, og hevda at vedtaka i medlemsmøtet er bindande for gruppa.

Blir dei ekskludert?

Men i ettermiddag gjorde Selsvold og Øyri som venta. Begge sto på sitt, og stemde som dei gjorde i november - mot sitt eige parti, melder bt.no.

Framlegget om å avvisa skulesaka vart avvist med 15 mot 12 røyster.

- Ordføraren driv ein privatpraktiserande politikk som eg er rysta over, sa partifelle Inga Lill Jensen Tolo ifølgje bt.no.

Både den direktevalde ordføraren Astrid Selsvold og Even Øyri er ifølge lokalavisa truga med eksklusjonar av Norheimsund arbeidarlag på grunn av det partilaget meiner er programbrot.

Astrid Selsvold
Foto: NRK