Hopp til innhold

Mislikar møte med ministeren

Ordførar i Gaular, Jenny Følling, reagerer på at delegasjonar frå både Nordfjord og Sogn skal møte helseministeren same dag som fylkesordføraren skal i møte med ministeren.

Ho fryktar det blir skapt eit inntrykk av at det berre er lokalsjukehusa på Nordfjordeid og i Lærdal som betyr noko for folk i fylket.

Ordførar i Lærdal, Knut O Aarethun, seier til avisa Firda at dei har understreka at ein treng både sentralsjukehuset og lokalsjukehusa.