MiSide best i Europa

MiSide er tildelt den prestisjefylte prisen European eGovernment Awards for 2007.

Heidi Grande Røys, Sigrun Kongsrud, Steinar Skagemo, Tor Alvik og Marit Mellingen (alle norge.no)
Foto: Privat

Prisen blir tildelt dei beste europeiske løysingane innan elektronisk forvalting og vert delt ut under EUs fjerde ministerkonferanse om e-forvalting i Lisboa i går.

- Dette var veldig gledeleg. Norge.no har arbeidd med desse løysingane i ei årrekkje. At vi no får prisen er ei stor anerkjenning av arbeidet vi gjer, strålar seksjonssjef Tor Alvik i Norge.no.

Røys på gråten

Minside er eit offentleg servicekontor på Internett, som er drive frå Leikanger. I konkurransen om den gjeve tittelen danka dei ut 311 konkurrentar. Tittelen "Mest nyskapande offentleg tenestyting" fekk nesten fornyingsminister Heidi Grande Røys på gråten.

- Prisen er ein internasjonal anerkjenning av norsk nybrottsarbeid. Noreg ligg heilt i front innan utvikling av offentleg elektroniske tenester i Europa. Norge.no har gjort ein fabelaktig jobb for å samordne offentleg informasjon i Norge. Minside er et eksempel på innovasjonskrafta, vilje til samarbeid på tvers av organisasjon og forvaltningsnivå og evne til fornying i statleg og kommunal sektor, seier ho.

Fleire tenester

Nettsida MiSide har nær 250.000 registrerte brukarar. Her er tenestene for innbyggjarane samla på ein stad. Og nettopp denne løysinga fall i smak hjå juryen. Miside vart kanskje mest kjent for sine stadig utsette opningsdatoar, før opninga endeleg var klar i desember i fjor. Men med det nyvunne trofeèt på hylla, trur seksjonssjef Tore Alvik i Noreg.no på Leikanger, at fleire vil vere med å utvikle sida vidare.

- Vi vil auke tal tenester i portalen, samt å gje nye tenester til innbyggaren. Som til dømes timebestilling hjå fastlege, seier han.