- Me fekk inn ei melding klokka halv tolv om at det var ei kvinne som sakna mannen og sonen sin. Dei hadde drege ut for å fiska på vestsida av Sotra, fortel Siv Namork ved hovudredningssentralen på Sola.
Fullt søk
Ved hovudredningssentralen såg dei for seg det verste, og satte igong fullt søk. Redningsskøyta Bergen Krets vart sett i søk umiddelbart.
I tillegg kom luftambulansen frå Førde, og frå Sola letta SeaKing-helikopteret og satte kursen mot Sotra.
Klare for overnatting ute
Men både båt, far og son på fem år vart funne etter kort tid - i beste velgåande fortøyd til ein holme. Der var dei klare for guttetur og overnatting ute.
- Det hadde vore ein kommunikasjonssvikt mellom mann og kone. Ho sa at han skulle koma attende på kvelden. Mannen, på andre sida, meinte at han hadde sagt ifrå at han tenkte å sova ute med sonen. Då luftambulansen fann dei så hadde dei lagt seg til å sova, seier Namork.
Alt stod bra til med dei to då helikopteret fann dei.
- Men dei vart litt forfjamsa då redningsmannskapet kom og lyste ned på dei i båten, legg ho til.
Alvorleg hending
Sjølv om alt enda godt, meiner Namork at hendinga er alvorleg nok.
- Det er ein stor aksjon, og det er mange ressursar som blir brukte, påpeikar ho.