Læraren Kristin Brattetaule Manger frå Bergen valde å bruke ferieveka på å hjelpe flyktningar på Lesvos. Ho er ikkje den einaste.
Over 40 nordmenn brukar haustferieveka si på Lesvos, ifølgje Dråpen i Havet.
– Nokre har vore her i fleire veker, men mange fortel at dei skal reise heim når haustferieveka er over, fortel Brattetaule Manger.
- LES OGSÅ:
Ikkje berre på Lesvos
Mange av privatpersonane som reiser gjer det gjennom det frivillige initiativet Dråpen i Havet.
– Vi får rundt 30 e-postar kvar einaste dag med folk som vurderer å reise for å hjelpe. Akkurat no er det rundt 60 personar som er ute, eller som skal reise i næraste framtid, fortel Trude Jacobsen, som starta Facebook-gruppa.
Det er ikkje berre på Lesvos dei reiser. Mellom 10–15 personar er på Chios, og det er også ei mindre gruppe i Athen. Ei anna gruppe har konkrete planar om å reise for å hjelpe i flyktningleiarane i Libanon i november.
– Det vi ser no er at mange reiser nedover for andre gong. Vi har avreiser heile hausten og fram til februar neste år, fortel Jacobsen.
- LES OGSÅ:
Kaotisk
Brattetaule Manger kom til Lesvos på søndag, og kom raskt inn i ei anna verkelegheit enn ho er van med frå dagleglivet i Bergen.
– Måndag arbeidde vi med å få folk om bord i bussar på ein busshaldeplass. Det var svært kaotisk. Det var fleire tusen flyktningar, men då vi kom var det berre fire frivillige som vi såg, fortel ho.
Ho fortel om store folkemengder og dårlege sanitærforhold.
– Ut på dagen fekk flyktningane beskjed om at berre syrarar fekk plass på bussane den dagen. Då blei det aggressiv stemning og nesten slåsting, men heldigvis roa folk seg ned etter ei stund. Det var berre tre toalett sett opp og svært varmt, seier Brattetaule Manger.
Kjem fleire om natta
Då NRK kontakta Brattetaule Manger var ho på hotellet og tok seg ein pust i bakken.
– Det har kome færre båtar i dagslys denne veka. Vi trur dei blir haldne att på tyrkisk side eller sendt tilbake. Det kjem mange fleire om natta no, så vi går ut igjen rundt klokka 20.00 for å speide etter båtane. Mange er redde og fortvila når dei kjem i land, fortel ho.
Søndag går flyet tilbake til Noreg. Ho har reist saman med ei venninne.
– Det tar litt tid å kome inn i arbeidet her, så det er litt dumt å reise heim så raskt. Men det er mykje ein får gjort på ei veke.