Hopp til innhold

Minst 24 barnevernsmeldingar er sletta

Den tekniske svikten i barnevernsportalen kan potensielt stamma frå januar 2021.

– Me er sikre på at det har skjedd med 24 meldingar, seier byrådsleiar Rune Bakervik på kommunen sin pressekonferanse. Tre av desse har dei klart å identifisera innhaldet i og fått følgt opp. I dei 21 andre er innhald og identitet ukjent.

– Dette er ekstremt alvorleg og me tek situasjonen på det ytste alvor, seier Bakervik.