Hopp til innhold

Bråtebrannar ute av kontroll: – Vi fekk litt panikk

Bråtebrenning, vind og lite nedbør fører til gras- og lyngbrannar over heile Vestland. Ti bustadhus måtte evakuerast. På denne hestegarden var det nære på.

Terrengbrann ved Dyngelandsvegen i Bergen

SVÆRT NÆRE: På Dyngeland i Bergen kom ein terrengbrann svært nær både hus og hestar då brenning av hageavfall kom ut av kontroll.

Foto: Privat

Brannmannskap i Vestland har rykka ut til om lag 20 terrengbrannar som har vore ute av kontroll dei siste tre dagane.

Berre måndag føremiddag vart det meldt om seks terrengbrannar på få timar.

Flammar få meter frå huset

Mellom anna rykka brannvesenet ut til ein kraftig grasbrann langs Dyngelandsvegen i Fana i Bergen måndag.

Årsaka var typisk: at brenning av hageavfall hadde kome ut av kontroll.

Like ved var Linda Karin Landro heime med dottera Sandra Victoria på 14 år. Dei kunne sjå flammane komme nærare og nærare huset.

Margrete Vinnes, Linda Karin Landro, Sandra Victoria Landro Laastad. Gressbrann, Dyngeland, Bergen

SKREMMANDE: – Me fekk litt panikk, seier Margrete Vinnes (f.v.), Linda Karin Landro og Sandra Victoria Landro Laastad etter terrengbrannen i Dyngelandsvegen i Bergen.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas

– Det var ekkelt å sjå det så nære. Flammane var vel 30 meter frå huset.

Magrete Vinnes, som har fleire hestar på garden til Landro, var også på området då røyken braut ut. Ho ringde brannvesenet då ho såg opne flammar i terrenget.

– Eg vart redd for hestane mine. Dei er inngjerda, og det er ikkje berre berre å sleppe dei laus, seier 27-åringen.

Saman med Landro og dottera fekk Vinnes beskjed om å lukke alle vindauga og halde seg inne.

RETT UTANFOR GLASET: Flammane kom dramatisk nær garden til Linda Karin Landro.

Klokka 14.15 kunne vaktkommandør i 110-Vest, Helge Lund, fortelje at brannen var under kontroll:

– Den er omringa og me dynkar den i vatn, sa han då.

Ti hus evakuerte i Fitjar

Ein gras- og lyngbrann i Nygardsvegen i Hungerdalen i Fitjar har i ettermiddag vore ute av kontoll. Brannvesenet i kommunen rykka ut litt før klokka 14.30, og fylkesveg 545 vart stengd av.

Ti hus vart evakuerte på grunn av flammar og røyk.

Traktorar hjelper med sløkking av terrengbrann i Fitjar.

BONDEBIDRAG: Bønder med gjødselvogner hjelpte til med sløkking av terrengbrannen i Fitjar mandag.

Foto: Olav Røli / NRK

Litt etter klokka 16 vart eit brannhelikopter sett inn i sløkkinga. Brannen spreidde seg då i nord- og nordvestleg retning. Klokka 17 melde brannvesenet at dei hadde kontroll rundt husa.

– Nokre av dei evakuerte husa står jo nær der det brann, seier innsatsleiar Henning Vik i politiet etter at røyken har avtatt.

Han seier bøndene i området gjorde ein god innsats med gjødselsvogner for hjelpa til med sløkkinga.

– No kan dei evakuerte få komme heim.

Innsatsleiar Henning Vik i Vest politidistrikt

TI HUS VART EVAKUERTE: Innsatsleiar Henning Vik i Vest politidistrikt.

Foto: Olav Røli / NRK

Brann i bustadfelt i Selje

Også i Vik i Sogn og Djupedalsvegen i Selje har gras tatt fyr mandag.

I Selje brann det i eit bustadfelt. Brannvesenet opplyste etter kvart til NRK at dei i alle fall hadde berga to hus frå flammene. Kring 20 personar og tre tankbilar var i sving. Også her var det bålbrenning som hadde kome ut av kontroll like før klokka 15.

Brannvesenet melde klokka 16.30 at dei hadde fått kontroll på denne skog- og krattbrannen.

Grasbrann i Selje.

NÆRE PÅ: Eit bål kom ut av kontroll og spreidde seg over ein veg og mot ein ubebudd einebustad ved Djupedalsvegen i Selje. Klokka 16.30 hadde brannvesenet fått kontroll på brannen.

Foto: nrk.no-tipsar

Les også Knusktørt: Brannfare i store delar av Sør-Noreg

Skogbrann ved hyttefelt i Askvoll

Det same skjedde i Ådlandsvegen på Frekhaug i Alver. Eit bål kom litt etter klokka 16 ut av kontroll, berre 15-20 meter frå hus, men brannvesenet fekk etter kvart sløkt terrengbrannen.

Politiet opprettar sak, melder Vest politidistrikt.

Farleg tørt

Fredag sende meteorologane ut farevarsel om skogbrannfare i Rogaland og Vestland.

Kombinasjonen av vind og lite nedbør gir gras- og lyngbrannfare i snøfrie område, særleg langs kysten.

Normalt er luftfuktigheita på Vestlandet på mellom 50 og 90 prosent. No er den mellom 15 og 20 prosent.