Minnekonsert i Bergen domkirke

Fleire kjente artistar og musikarar stiller opp på arrangementet.

Christine Guldbransen

Christine Guldbransen er ein av artistane som stiller opp på minnekonserten.

Foto: Aleksander Vallestad / NRK

I kveld er det minnekonserten i Bergen domkirke, og kyrkja var heilt full då konserten starta kl. 18.

Konserten er sydd saumlaust saman der den eine musikaren tek over etter den andre. Stemninga er lågmælt og verdig, og representantar frå kyrkja og samfunnsliv deltar også.

– Noreg har fått eit sår. Dette vil bli eit arr som aldri vil forsvinna heilt. Men samhaldet me har sett dei siste dagane syner at angrepet fekk motsett effekt av det som kanskje var tenkt, sa ordførar Gunnar Bakke i kyrkja.

Vil gi ord og tone til sorga

Harald Schjeelderup

Harald Schjelderup i Bergen Ap.

Foto: Aleksander Vallestad / NRK

Harald Schjelderup i Bergen Ap var djupt rørt då han tala undr minnekonserten. Han takka alle som har bidratt til å gjera tragedien litt mindre.

Bjørgvin bispedøme melder at fleire artistar stiller opp for å gi sorga og håpet ord og tone under minnekonserten.

Leif Ove Andsnes, Karoline Krüger, Christine Gullbrandsen og Benedicte Maurseth er blant dei som medverkar å på konserten.

Video Minnekonsert i Bergen domkirke

Karoline Krüger og Leif Ove Andsnes snakkar om minnekonserten.

Folk i heile landet samla seg måndag kveld for å minnast terrorofra på Utøya og i Oslo. I Bergen gjekk 30.000 i fakkeltog, og fleire andre stadar i fylket var det også stor fakkeltogoppslutning.

Les også:

Markeringar på onsdag

I morgon blir det også minnemarkeringar. Det vil då bli fakkeltog på Askøy, ein kommune som saknar to ungdommar. Etne kommune vil også arrangera fakkeltog på onsdag.