Hopp til innhold

– Statsråden signaliserte at argumenta for dagkirurgi er sterke

Ifølgje Eid-ordførar Alfred Bjørlo, signaliserte helseminister Bent Høie (H) at han ser at argumenta som talar for dagkirurgi ved Nordfjord sjukehus, er sterke.

Bent Høie

LYDHØYR: Helseminister Bent Høie høyrde på argumenta frå Nordfjord-ordførarane.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Tre av Nordfjord-ordførarane møtte i går helseministeren for å fremje sine argument for at Nordfjord sjukehus skal ha dagkirurgisk aktivitet, noko det ikkje har i dag.

– Vi opplevde at vi fekk stort gehør for våre argument for kvifor dagkirurgisk aktivitet må vere ein sjølvsagd del av eit framtidig Nordfjord sjukehus, som skal vere ein pilotmodell for framtidas lokalsjukehus i heile landet. Det er per i dag det einaste lokalsjukehuset i landet som ikkje har dagkirurgi, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo.

Kjem snart på besøk

Han fortel at dei fekk inntrykk av at helseministeren var godt inne i saka, og hadde stor forståing.

– Han ser at det er sterke faglege argument for at det må vere dagkirurgi på eit sjukehus. Vi var godt nøgde med dei signala han gav, seier Bjørlo.

Han legg til at helseministeren har planar om eit snarleg besøk til Nordfjord, både for å besøkje Nordfjord sjukehus og Nordfjord psykiatrisenter.

– Han ønskjer å komme oppover for å sjå det som skal vere modell for framtidas lokalsjukehus med det første, seier Bjørlo, og legg til at besøket kjem til å skje i løpet av våren.

Men det er ikkje dermed sagt at det er sikkert at Nordfjord sjukehus får dagkirurgi.

– Prosessane må gå sin gang. Saka skal handsamast både i styret i Helse Førde og i Helse Vest. Men ministeren sa at han reknar med at ein i dei prosessane legg vekt på dei sterke faglege og eintydige argumenta som har komme fram. Så vi er iallfall optimistar, seier Bjørlo.

Vil følgje saka tett

Han understrekar at statsråden ikkje kom med nokon lovnad.

– Han sa at prosessen i saka skal halde fram, men saka vil bli følgd tett. Vi er i grunn nøgde med det signalet på dette tidspunktet. Vi reknar med at fornufta vil sigre, og at vi til slutt får eit godt resultat som gjer at Nordfjord sjukehus er eit sjukehus som fagleg heng i hop, seier Bjørlo.

Helseministeren var tydeleg på at det har nasjonal interesse kva løysingar som vert valde ved Nordfjord sjukehus.

– Det var også viktig for oss å få fram, seier Bjørlo.

Etter det NRK kjenner til, skal eit fleirtal av styremedlemmene i Helse Førde seie klart nei til dagkirurgi, trass i at saka ikkje er ferdig greidd ut av administrasjonen.

– Eg er veldig forundra over at styremedlemmer i Helse Førde har uttalt at det ikkje er faglege argument for å drive med kirurgi på eit sjukehus. Det er heilt i strid med fagleg ekspertise rundt om i landet. Men det betyr nok at dei som har sagt dette, ikkje har lese det dokumentasjonsgrunnlaget som skal handsamast i styret, seier Bjørlo.

Støre sende brev til Helse Vest

Ein av dei som meiner det bør vere eit dagkirurgisk tilbod ved sjukehuset er tidlegare helseminister Jonas Gahr Støre som vitja sjukehuset i starten av oktober.

Der møtte han politikarar og tilsette som kjempar for å få på plass eit dagkirurgisk tilbod, og etter besøket, råda han Helse Vest til å få på plass tilbodet.

– Det er i dag ikkje tilbod om dagkirurgi ved Nordfjord sjukehus. Eg meiner det er ein mangel som ein bør søke å rette opp, skreiv den avtroppande ministeren i eit brev til Helse Vest.

Støre viste til at Nordfjord sjukehus skal vere modell for andre lokalsjukehus, og sa at han såg mange argument for at dagkirurgi burde vere ein del av tilbodet.

– Eg meiner det er gode argument for at det bør vere dagkirurgi ved eit sjukehus som dette, sa den avtroppande ministeren til NRK.no.

– Kvifor det?

– Fordi det er ein viktig del av den faglege heilskapen ved eit sjukehus.