Hopp til innhold

Ministeren vil ha rapport

Helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad krev rapport innan ei veke om møbelkjøp og tilsetjing av eks-kollegaer i Helse Førde.

Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad.
Foto: NRK

Laurdag vart det kjent at administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, har kjøpt designmøblar til 600.000 kroner. Møblane er plasserte på hans eige kontor og i kontorfløyen til administrasjonen.

- Skeptisk til prioriteringane

I tillegg er det blitt nytt fokus på tilsetjingane av tre tidlegare tilsette i Rælingen kommune, der han sjølv var rådmann  før han kom til Førde. Tilsetjingane skjedde for ei tid attende og vekte mykje merksemd då NRK Sogn og Fjordane omtala sakene i si tid.

Men etter det mykje omtala møbelkjøpet har også tilsetjingssakene fått kasta nytt lys på seg. Dermed er det no blitt så mykje bråk rundt Jon Bolstad at helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad krev å få vite kva som skjer.

- Eg vil nødig vere bastant før eg har fått alle naudsynte opplysningar. Men eg vil kome tilbake til denne saka når eg veit meir, for slikt er slett ikkje bra, seier Brustad til Dagbladet.

- Sterkt signal

Brustad har alt vore i kontakt med leiinga i Helse Vest og bede om ein rapport om prioriteringane innan ei veke. Ho vil ha svar på korleis Bolstad sine økonomiske prioriteringar er blitt behandla i Helse Vest.

Ministeren har ingen problem med å forstå reaksjonane som har kome frå blant andre helse- og omsorgskomiteen på Stortinget.

- Nei, det forstår eg godt. Eg reagerer også sterkt. Det er eit sterkt signal når eg krev ein rapport så fort. Eg stoler på at Helse Vest er uhilda og gjev meg eit korrekt bilete av situasjonen, seier Brustad til avisa.   

 

Harald T. Nesvik.
Foto: Bjørn Sigurdsøn / Scanpix

Reaksjonar på Stortinget

Også leiaren i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Harald T. Nesvik (Frp),  reagerer. Og til liks med Brustad vil han gjerne vite kva som skjer i Helse Førde.

- I første omgang ventar eg at Helse Vest og departementet går gjennom og undersøkjer kva som har skjedd, slik at vi er sikre på at dei avgjerdene som er tekne er rette, seier Nesvik til NRK.

- Dårleg signaleffekt

Nesvik meiner også at det interne reglementet i slike saker bør setjast under lupa.

- Det har nok ikkje skjedd noko ulovleg, men signaleffekten er utruleg dårleg.

Om tilsetjingssakene seier Nesvik at han ønskjer ein gjennomgang for å sikre opne tilhøve og sikre at dei beste personane vert tilsette. Om møbelhandelen seier han at den er godt eigna til å skape reaksjonar hos dei tilsette i ei tid der helseføretaket blant anna ikkje har råd til å kjøpe nye senger.

- Det er openbert at når ein gjer slike investeringar på og rundt sitt eige kontor, samstundes som sjukehuset har senger som ikkje kan hevast, er ikkje det noko godt signal å sende til dei tilsette. Og når ein i tillegg hentar tilsette frå omgangskrinsen hos sin tidlegare arbeidsgjevar, ja så er dette signal som ikkje vert motteke positivt i organisasjonen, meiner Nesvik.

Ok for Bolstad

Sjølv meiner administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, at han har sitt på det tørre. Men han har ikkje noko mot at avgjerdene vert granska.

- Det er heilt rimelg at han ber om ei utgreiing då det er kome fram så mykje som er eigna til å så tvil om kor vidt vi har følgt retningslinene og regelverket som gjeld i helseføret. Det har eg ikkje noko imot, det er heilt på sin plass, seier Bolstad til NRK.