Hopp til innhold

Ministeren trur andre kan lære av suksess-Sogndal

– Ei historie å fortelje er ein nøkkel i jakta på å skape ein attraktiv region, meiner kommunalminister Jan Tore Sanner.

Jan Tore Sanner og Steinar Fredheim

TESTA LØYPENE: Jan Tore Sanner meiner friluftslivet er ein viktig suksessfaktor i Sogndal, og fekk i dag teste løypene i Hodlekve. T.h. Steinar Fredheim i Distriktssenteret.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

I dag vitjar han Sogndal og Gaupne for å høyre kva som kan kjenneteikne ein attraktiv bu- og arbeidsmarknadsregion i Sogn.

– Sogndal er eit lokalsamfunn i sterk vekst og utvikling, og det er eit samfunn som trekk dyktige, unge folk frå heile landet, som driv næringsverksemd og innovasjon. Kombinasjonen av eit godt lokalsamfunn, spanande arbeidsplassar og friluftsliv er ei vinnaroppskrift, seier kommunalministeren.

– Ha ei historie å fortelje

Veksten er ulikt fordelt i landet. Mange stader slit kommunar med fråflytting og ein pressa kommuneøkonomi.

Sanner sitt råd til lokalsamfunn som ikkje opplever same vekst som Sogndal er å vere medvitne på kva dei har å selje.

Jan Tore Sanner

I MØTE: Jan Tore Sanner får høyre om arbeidet for å gjere Sogn og Sogndal til ein attraktiv region.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det viktige er at lokalsamfunn tenker gjennom kva historier dei har å fortelje. I Sogndal er historia spanande arbeidsplassar og mykje friluftsliv. Det handlar om å ha ei historie å fortelje, og tenke gjennom kva som er spesielt attraktivt i vårt lokalsamfunn, seier han.

Har knekt koden

Steinar Fredheim og distriktssenteret har sett nøye på kva effektiv historieforteljing kan ha å seie. Bodskapen til ministeren er klar.

– Ministeren har ein god moglegheit til å vere ambassadør både for Sogndal og andre regionar. Vi håpar han tek med seg det som vi har sagt er koden, og at staten legg til rette for både oss og andre.

– Kva er koden?

– Koden er eit samspel mellom private og offentlege aktørar, der staten har ei viktig rolle. Koden er å gje folk moglegheit til å tørre å satse og ta risiko, og ikkje minst å vere gode ambassadørar for kvarandre: tørre å fortelje det vi er stolte av, seier Fredheim.

Når NRK prata med Sanner var han på veg opp til Hodlekve for å prøve løypene. Friluftslivet er ein viktig grunn til suksessen i Sogndal, trur ministeren.

– Ein må ha noko å tilby, og Sogndal har det. Det er variert arbeidsplassar, flott natur og ekstremsportmoglegheiter for dei som likar det. Eg trur det er noko for kvar ein smak, seier han og vedgår at han går til løypene med skrekkblanda fryd.

Jan Tore Sanner

FIN DRIV: Kommunalminister Jan Tore Sanner fekk prøve seg i Hodlekve.

Foto: Roar Werner Vangsnes/Distriktssenteret