Hopp til innhold

Mineral splittar sunnfjordbygd

Mineralet rutil er årsaka til ein splid i bygda Vevring i Naustdal kommune.

Vevring i Naustdal med kai

Vevring i Naustdal er splitta i synet om rutil er bra for bygda.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Planane om bergverksdrift splittar nemleg bygda Vevring.

Investere

Selskapet Nordic Mining vil investere to milliardar kroner på uttak av mineralet rutil, noko som skal gi 100 arbeidsplassar til bygda.

- Eg trur vi får til prosjektet på Engebøfjellet. Den største utfordringa er av politisk karakter, seier Jan Herstad i Nordic Mining.

Splittar

Det er ulike meiningar i Vevring om dette. Nokon meiner mellom anna det er ein for stor miljøtrussel. Åse Marie Helgheim er ein av dei. Ho er med i Naturvernforbundet i Sunnfjord.

- I planprogrammet står det at tre prosent av alt som skal tas ut er rutil. Dei resterande 97 prosenta skal deponerast i Førdefjorden. Dette er vi som grunneigarar og i Naturvernforbundet bekymra over, seier Helgheim, som bur i Vevring.

- Vil sjå det an

Ola Dag Tingnes kjem også frå Vevring. Han er derimot positiv til prosjektet.

- Eg er i utgangspunktet positiv til dette, seier han. Tingnes legg likevel til at han vil sjå an konsekvensutgreiinga før han har ei bastant meining om dette.