Hopp til innhold

Flauare å bruke Tinder i distriktet, men Sivert (25) gjer det med sjølvtillit

Eit mindre utval på sjekkeappen Tinder i bygda enn i byen, gjer enkelte skeptiske til å bruke han. Forskar trur derimot at det kan ha sine fordelar.

Sivert Dvergsdal (25) sjekkar om det har skjedd noko nytt på Tinder.

TINDER: Sivert Dvergsdal brukar gjerne Tinder heime i Sunnfjord.

Foto: Ingrid G. Årdal / NRK

– Ein kan jo sjå på Tinder som ein slags meny, seier Sivert Dvergsdal.

Når han ikkje jobbar i Nordsjøen som bore- og vedlikehaldsoperatør, bur han på Skei i Sunnfjord. Han brukar appen aktivt og skjemst ikkje.

Unge skeptiske til å bruke Tinder i distriktet

Tal frå NTNU viser at 50 prosent av alle mellom 19 og 29 år har brukt Tinder eller liknande appar.

Sjølv om appen blir brukt i både by og bygd, synest fleire at det er flauare å bruke han i mindre miljø.

Ida Sande brukar Tinder i Bergen.

LITT KLEINT: Ida Sande er ikkje så glad i å bruke Tinder heime i Florø.

Foto: Privat

Ida Sande frå Florø, som bur og jobbar i Bergen, føretrekker å bruke Tinder i byen. Heime i Florø kjenner ho mange av dei som er der, noko som gjer at ho treff på færre nye folk.

– Og det er kanskje litt kleinare, seier tjuefemåringen.

På appen får ein opp profilbilde, fornamn og alder på potensielle partnarar i nærområdet, alt etter kva rekkevidde ein har stilt inn på førehand. Om to personar har sveipa til høgre på kvarandre, er det ein match, og ein kan prate med kvarandre.

Sivert Dvergsdal (25) ser på Tinderprofilen sin.

SVEIP TIL HØGRE: Når Sivert matchar med nokon, prøvar han å vere kreativ for å få i gang ein samtale.

Foto: Ingrid G. Årdal / NRK

Raskare gjennomskua på bygda

Trond Viggo Grøntvedt ved NTNU har forska på bruk av Tinder. Han trur at eit større utval på Tinder i byane, kan gjere terskelen lågare for å framstille seg sjølv i eit betre lys enn ein kanskje er.

Eit større utval i byen kan gjere det lettare å halde seg nokolunde anonym. Eit mindre miljø aukar sjansen for å treffe på folk ein kjenner på appen. Familie og vener inkludert.

– Då kan det raskt bli litt kleint, og så verkar det som at rykta spreier seg fortare på bygda, seier Grøntvedt.

Eit mindre utval kan ha sine fordelar

Eit mindre utval treng likevel ikkje å vere negativt. Grøntvedt trur det kan skjerpe brukarane.

– Eit tettare nettverk og mindre utval kan føre til at folk er meir ærlege, fordi det er lettare å bli avslørt om ein ikkje er det, seier han.

Sjølv om han fort kan gå tom for folk å sveipe på når kilometeravstanden er mellom femti og seksti, lar ikkje Sivert Dvergsdal seg skremme av eit mindre utval.

– Eg opplever at folk synest det kan vere kleint og rart, men så sit vi jo der. Det er ikkje noko å halde hemmeleg, seier han.

Brukar du Tinder?

Ventar på musikken

Grøntvedt legg til at eit mindre utval kan føre til at folk i distriktet har lettare for å sjå moglegheitene for at det kan fungere, dersom ein er ute etter eit langtidsforhold.

Dvergsdal held fram med Tinderbruken på optimistisk vis.

– Trur du at det kan oppstå søt musikk med nokon frå Tinder?

– Ja, det er eg overtydd om at det kan. Det er ikkje mangel på fantastiske damer i Sogn og Fjordane, og mange av dei er jo på Tinder.

Då handlar det om å få ein match, og gjere eit godt første- og andreinntrykk.

– Så er det berre å vente på musikken, seier Dvergsdal.