Håkon J. Huseklepp med ein villaks på ni kilo. Arkivfoto Privat
Selskapet Rådgivende biologer har drive med analyse av skjelprøver frå sportsfiske sidan 1999. Forskinga er gjort etter oppdrag frå fylkesmannen si miljøvernavdeling.
Og konklusjonen er klar: Aldri før har innslaget av oppdrettslaks vore mindre.
15% oppdrettslaks
I elvane var 15% av fangsten oppdrettslaks, medan det i kilenotfisket i fjordane låg på 7%. Rådgivende biologer har undersøkt 1934 laks fanga i elv og 759 i kilenot.
- Framleis lang veg å gå
Fiskeforvaltar hos Fylkesmannen, Eyvind Sølsnæs, ser positivt på utviklinga, men meiner det framleis er ein lang veg å gå.
Rette vegen
Hans Inge Algerøy i Vestnorsk Havbrukslag er glad for å sjå dokumentasjon på at oppdrettarane sin kamp mot rømming går rette vegen.
- Talmanipulering frå WWF
Det er berre få veker sidan World Wildlife Foundation - WWF - kom med ein rapport som viste at det var 25% rømd oppdrettslaks i elvane. No meiner Algerøy at rapporten til Rådgivende biologer viser at WWF dreiv med talmanipulering.