Hopp til innhold

Mindre overskot enn i fjor for Hydro

Hydro i Høyanger fekk eit resultat før skatt på 16 millionar før renter og skatt første halvår. Det er fire millionar mindre enn i fjor.

Ny støypeteknologi Hydro Høyanger
Foto: Øyvind Breivik / Hydro

Årsaka er lågare aluminiumsprisar og høgare råstoffkostnader i forhold til første halvår i fjor, seier fungerande fabrikksjef Stian Rørvik.

– Men slik det ser ut no, blir prisane betre framover. Vi har hatt ei god og effektiv drift og alle dei tilsette har jobba godt med forbetringar for å bli mest mogleg effektive. Det har vore eit godt kvartal og nådd måltala vi skulle, seier han til NRK.no.

Høgare produksjon

Det vart sett ny rekord i elektrolysen med totalt 31.656 tonn produsert. Tilsvarande tal for 1. halvår 2013 var 31.480 tonn. Støyperiet har i første halvår 2014 produsert 54 119 tonn valseblokker, mot 54 803 tonn i same periode i 2013. Nedgang skuldast sesongmessig vedlikehald og innføring av ny støypeteknologi i januar.

– Vi er no utselde for valseblokker ut året, seier Rørvik.

Betring i Årdal

På verket i Årdal gjekk dei i null første halvår, mot 18 millionar i underskot i same periode i fjor. Når det gjeld 2. kvartal fekk verket eit overskot på 10 millionar kroner før renter og skatt. Resultatet er 19 mill. kroner betre enn i same kvartal i fjor.