Millionsatsing på kultur

Kulturen i Hordaland får auke tilskot på 33,2 millionar kroner i forslag til årets statsbudsjett

Her er nokre viktige tal for kulturlivet i fylket:

  • 4,9 millionar kroner til Bergen Filharmoniske orkester
  • 4 millionar kroner til Edvard Grieg-markering
  • 2,97 millionar kroner til Den Nationale Scene
  • 1,4 millionar kroner til Carte Blanche

Også festspela har fått meir å rutte med. Festspeldirektør Per Boye Hansen er nøgd med budsjettet.

- Det er spesielt gledeleg at heile kulturlivet i Bergen har fått eit lyft, seier han. At filhamonien, teateret og Carte Blanche vert prioriterte, vil tyde mykje også for festspela.