Millionkonflikt med oljeselskap kan ende i retten

Det franske oljeselskapet Engie vil ikkje betale fylkeskommunen for ei kraftlinje til 75 millionar kroner.

Lutelandet-plan

Industriparken på Lutelandet risikerer å ikkje få kraftlinja dei har venta på. Oljeselskapet Engie meiner avtala som bind dei til å betale for kraftlinja, er ugyldig.

Foto: Multikonsult AS

Etter ei avtale frå 2008 mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og Engie, skal oljeselskapet finansiere ei kraftlinje til Lutelandet.

Som Dagens Næringsliv har omtalt tidlegare, vart avtala inngått som eit kompromiss etter at industrifeltet på Lutelandet tapte kampen om å forsyne oljefeltet Gjøa. I staden skulle industrien på Lutelandet få ei kraftlinje, som oljeselskapet skulle betale.

Men Engie vil no ikkje betale dette, då dei meiner avtala strir med EU-reglar om statsstøtte.

– Avtala er utfordrande fordi vi har sett at den tilgodeser ein tredjepart, og ikkje fylkeskommunen. Ifølge regelverket for statsstøtte er ikkje dette lovleg, seier Anne Botne, som er leiar for feltutvikling i Engie.

Men fylkesordførar Jenny Følling synst det er rart at avtala blir problematisert.

Jenny Følling, fylkesvaraordførar

SKAL MØTE ENGIE: Jenny Følling håper at møtet med oljeselskapet løyser problemet og at det ikkje ender i ein domstol.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– EU-regelverket gjaldt då denne avtala vart inngått. Så vi kan ikkje forstå at det her har oppstått noko nytt, seier ho.

Det var opphavleg Statoil og fylkeskommunen som inngjekk avtala i 2008, men seinare har Engie tatt over Statoil si rolle i avtala.

Meiner Engie haler ut tida

Vindkraft-selskapet Vestavind er avhengig av at kraftlinja blir bygd no, elles kan ikkje kraftselskapet bygge ut vindparken. Dei har kort tid, før dei avgjerande støtteordningane med grøne sertifikat forsvinn.

Dagleg leiar i Vestavind Kraft, Stig Svalheim, meiner Engie trenerer prosjektet.

– Dei har tatt over ei bindande avtale, og problemet vart ikkje nemnd då dei tok over avtala. Så vi lurer på kvifor dette plutseleg kjem opp no, seier Svalheim.

Vindkraftanlegget må i drift før utgangen av 2020 for å kunne få støtte gjennom grøne sertifikat. Kraftlinja som står på spel, vil ta to og eit halvt år å bygge.

– Å sjekke saka med Brussel vil ta så lang tid at fristen for støtteordningane kan gå ut. Det skaper uvisse i prosessen for oss, seier Svalheim.

Botne i oljeselskapet avviser at dei kjem med dette no for å trenere utbygging av vindparken.

– Vi byrja å sjå på denne avtala i vår, då vi fekk eit varsel om at det nærma seg krav om betaling. Difor var det naturleg for oss å sjå nærare på den for å sjå om den er grei eller ikkje. Så vi har ikkje vore klare over problemstillinga før, seier ho.

Kan ende i retten

31. oktober inviterte fylkeskommunen Engie til eit møte for å prøve å løyse problemet.

– Vi håper at dette møtet kan gi resultat og at vi kan få ei rask avklaring på dette, slik at den planlagde vindkraftparken på Lutelandet kan la seg realisere, seier Følling.

Dersom dei ikkje kan komme fram til ei minneleg løysing, er alternativet å løyse saka i ein domstol.