Milliongåve til Dalalåven

Sparebanken Vest sitt gåvefond løyver ein million kroner til Dalalåven i Sogndal skisenter. Bygget skal huse fleire funksjonar, som matservering, skiutleige og sykkeluttleige. – Dette har vore «the missing link» sidan skitrekka vart etablerte i Rindabotn og Kalvavatni og vil vere det første viktige bygget i ein framtidig fjellandsby i området Kambabotn, seier Per Odd Grevsnes i Sogndal skisenter i ei pressemelding.

Dalalåven i Sogndal skisenter får milliongåve
Foto: Privat