Abid Raja (V) strålte om kapp med sola då han møtte kulturtoppar i trappa utanfor Den Nationale Scene (DNS) laurdag føremiddag.
Kulturministeren ga kulturlivet i byen følgande gladmeldingar frå regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2021 som blir presentert onsdag:
- 10 millionar kroner til forprosjekt til nytt ekstrabygg for DNS utanfor Bergen sentrum
- 9,5 millionar kroner til akutthjelp for å stoppa råteskadene på villaen til Ole Bull på Lysøen.
- 8 millionar til DNS og 6 millionar til Kode-musea i koronastøtte.
Koronastøtta er del av totalt 200 millionar kroner som skal fordelast til kulturinstitusjonar i Noreg for første halvår 2021. Av dette får til dømes Bergen filharmoniske orkester 3,1 millionar, Det vestnorske teateret 3 millionar og Bymuseet i Bergen 1,6 millionar.
Brann slår Rosenborg
Og ikkje minst: Tidlegare på dagen vitja Raja ein annan av Bergens kulturelle høgborger, nemleg Stadion. Der avslørte han at Sportsklubben Brann neste veke får utbetalt 15,1 millionar kroner i koronakompensasjon for tapte billettinntekter.
– Det er mest av alle fotballklubbane i Noreg. Dei får meir enn Rosenborg, og det har jo ein viss betydning, sa Raja.
Kor mykje dei andre eliteserieklubbane får i kompensasjon for redusert tribunekapasitet på grunn av smittevernomsyn, blir offentleggjort på mandag.
– Uverdig
Utanfor DNS viste kulturministeren til at han tidlegare har vitja toppetasjen der teateret har verkstaden sin.
– Slik dei har hatt det der oppe er under verdigheita til teateret, Bergen og kulturlivet. Det går rett og slett ikkje an, sa kulturministeren.
Raja seier at verken ei utviding i den freda teaterparken, eller at DNS overtar Ricks-bygget i nærleiken, blir løysinga for å gi teateret nye, større og betre ekstralokale.
– Begge dei alternativa har me gått vekk frå, stadfestar teatersjef Stefan Larsson på DNS.
Dermed er det no avgjort at DNS skal flytta delar av funksjonane ut av bykjerna.
Verkstader, prøvesalar, lager og kontor kan bli lokalisert i eit bygg inntil 20 kilometer vekke frå hovudbygget i art deco-stil i sentrum.
– Gir teaterfolka trua
Løyvinga på 10 millionar skal brukast til utgreiing av nytt bygg og leige av midlertidige lokale.
– Så snart DNS tar sine avgjerder, skal regjeringa før stortingsvalet ta vår endelege avgjerd, slik at de får verdige lokale, seier Raja.
Larsson er svært nøgd med løyvingane til nytt bygg og koronastøtte.
– Dette er ein stor og viktig sak. Det får mine tilsette, personalet på teateret, trua på neste år og kommande år, så det kan ikkje bli mykje betre enn dette, seier Larsson.
Villa som råtnar
– Ole Bull-villaen på Lysøen er usedvanleg vakker og ein viktig del av kulturhistoria vår. Me skal ikkje la den råtna på rot. Framtidige generasjonar skal nyta godt av minna og historia som er der, seier Raja.
I sommar blei det klart at villaen treng minst 20 millionar kroner til naudsynt rehabilitering og oppgradering. For biller, mus, fukt og ròte har gjort store skader på den 147 år gamle kunstnarheimen.
Det er Kode kunstmuseer og komponisthjem som har driftsansvaret for Ole Bull-villaen på Lysøen, men å stoppa forfallet krev statlege ekstraløyvingar.
Kode-direktør Petter Snare er svært nøgde med løyvingane i regjeringa sitt budsjettforslag.
– Det er verkeleg fantastisk å få vita at me no får redda villaen til Ole Bull . Dette er ein av dei viktigaste heimane i Noreg. 9,5 millionar kroner er ein god start, seier Snare.