- Oddekalv byggjer oppunder ein uheldig trend, seier Arild Hermstad i Fremtiden i Våre Hender. Han peiker på at fleire og fleire køyrer rundt i større og meir ureinande bilar enn det dei har bruk for.
- Mørkemann
Sjølv avviser Oddekalv dette og kallar Hermstad for ein mørkemann. - Bilen skal gå på miljøvenleg biodiesel og frityrolje. Det kjem til å lukte hamburger og pommes frites når eg kjem køyrande, seier Oddekalv.
Han seier og at med så mykje utstyr som han fraktar rundt, så treng han ein stor bil.
Miljøvern handlar om livsstil
Hermstad på si side meiner Oddekalv bør vere meir audmjuk i høve den signaleffekten det har å køyre rundt i ein slik bil.
Milliardæren Trond Mohn, som i fylgje avisa VG er ein jaktkamerat av Oddekalv, har gjeve om lag 20 millionar kroner til Norges Miljøvernforbund dei siste tre åra.