Hopp til innhold

Milliardresultat for kraftselskap

Sunnhordland Kraftlag (SKL) tente enormt med pengar i 2022. Det går fram av årsmeldinga for selskapet. Dei omsette for 5,5 milliardar kroner, og hadde eit resultat før skatt på 4,7 milliardar. Etter skatt sat dei igjen med 1,7 milliardar kroner, der om lag 1,1 milliard vert betalt ut til eigarane. Det er Haugaland kraft som er hovudaksjonær i SKL. Eviny er også ein stor aksjonær. Selskapet produserte 2,3 GWh med straum i 2022.

Blåfalli kraftverk, Sunnhordland Kraftlag.
Foto: Olav Røli / NRK