Sette omsetningsrekord første helga i mars. Fire dagar etter var alt stengd

VOSS (NRK): Milliardar av kroner er satsa på reiseliv og gondolen skulle vere krona på verket. No dreg uvissa reiseselskapet Voss Resort mot avgrunnen. – Me kjem til å trenga meir hjelp.

Ny gondolbane på Voss

NEDTUR: Gondolbana er det fremste symbolet på Voss si satsing på turisme og reiseliv. No risikerer næringslivet at den økonomiske motoren i samfunnet går på ein smell.

Foto: Tale Hauso / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

– Situasjonen kunne ikkje ha vore verre. Første helga i mars var det rekord i talet på gondolgjester og rekordomsetning i restaurantane. Fire dagar etterpå var alt totalt avstengd og alle permitterte, seier administrerande direktør Øyvind Wæhle i Voss Resort.

Etter årelange protestar frå naboar og orsakingar frå kommunen for dårleg saksbehandling, opna gondolbana opp til fjellet Hanguren i fjor sommar.

Samla er det investert over éin milliard kroner på Voss, fordelt på hotell (400 millionar), gondol (350 millionar kroner) og nye spor, plattformer og andre oppgraderingar på den nye jernbanestasjonen (380 millionar kroner).

Voss gondol og voss stasjon

GONDOLSTASJON: Ved jernbanen på Voss kan ein gå direkte på toget frå gondolbana. Vegg i vegg ligg det nye Scandic-hotellet. Samla har prosjektet med stasjon, gondol og hotell ein prislapp på éin milliard kroner.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Milliardsatsingar

I 2018 skreiv NRK at summen av satsinga dei neste fem åra ville strekkja seg til tre milliardar kroner.

Voss Resort vedgjekk alt den gongen at dei var litt nervøse for gondolsatsinga.

Selskapet, som eig Voss Gondol, treng 130.000 reisande allereie første heile året om det skal bli grøne tal i rekneskapen. Det er drygt 350 gjester per dag.

På denne tida av året skulle skituristar koma med toget og fraktast rett til fjells. No er det heilt øyde og gondolvognene er tomme.

Gondolbane på Voss

1100 I TIMEN: Kapasiteten på gondolbanen frå Voss stasjon til fjelltoppen Hanguren er 1100 gjester i timen.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

– Ville ikkje ha bygd i dag

For kvar dag som går utan trafikk, aukar presset på at dei såkalla skuldersesongane må bli bra.

Ingen veit kor lenge dei strenge tiltaka regjeringa har sett i verk vil vara.

Justisminister Monica Mæland (H) har uttalt at ho ikkje trur det kjem mange utanlandske turistar til Noreg i sommar.

Satsinga som skulle løfta skibygda til nye høgder, kan enda med ei gjeldsbør som tynger det viktigaste reiselivsselskapa ned.

– Utanlandske turistar er svært viktige for besøkstala på gondolen. Ein treng ikkje vera rakettforskar for å forstå at dette vil ramma heile landet hardt, kanskje Vestlandet spesielt.

Wahle innrømmer at dei ikkje ville bygd bana om dei hadde hatt den kunnskapen dei har i dag.

– I dag ville me ikkje gjort det sjølvsagt. Då me bestemte oss for å byggja, var pilane og konjunkturane heilt annleis enn i dag.

Administrerande direktør Øyvind Wæhle i Voss Resort under opninga av den nye gondolbana.

OPNING: Administrerande direktør Øyvind Wæhle i Voss Resort var kledd i bunad under opninga av den nye gondolbana i juli 2019.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Forventar meir hjelp til sommaren

Torsdag la regjeringa fram nok ei tiltakspakke for næringslivet, den såkalla «kontantstøtta».

Wahle er glad for at regjeringa kjem raskt på bana, men viser til at selskap som Voss Resort ikkje får dekka inn tapte inntekter frå til dømes skikortsal.

Mellom 30–40 prosent av inntektene kjem normalt i mars og april. Berre i tapte billettinntekter går Voss Resort glipp av 30 millionar kroner, estimerer Wæhle.

I fleire næringar heng konkursspøkelset tett over næringsdrivande.

– Utan krisepakka hadde me kanskje vore der sjølve. Me skal nok koma oss gjennom dette, i samarbeid med bankar, leverandører og det offentlege. No har styresmaktene vist handlekraft, og me forventar at dei gjer det igjen, seier Wæhle.

Alpinanleggenes Landsforening anslår eit inntakstap på 400 millionar kroner som konsekvens av at alpinanlegga må halda stengt ut påsken. Dei fryktar at fleire anlegg må legga ned.

– Krisepakka dekker opp for ein del faste kostnadar, men ikkje tapte inntektar som er spesielt for skianlegg i dei viktige månadene mars/april. Eg er nøgd med krisepakka no, men eg trur reisenæringa treng meir hjelp når sommaren kjem, poengterer Wæhle.

– Me veit sikkert at sommaren blir litt «svart hav».

Voss Gondol
Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Trur reiselivet får svi i mange år

På Voss har heilårsturisme og ekstremsport gjort reiselivet til motoren i verdiskapinga.

Når Voss Resort slit, får det store ringverknader på Voss.

Anslaget for næringslivet samla er eit totalt tap på 180 millionar kroner. Ordførar Hans-Erik Ringkjøb (Ap) seier heradet må bu seg på ein reiselivssvikt med store ringverknader.

– Dette har enorme ringverknader. Det påverkar heile samfunnet, seier vossaordføraren.

Reiselivsdirektøren trur koronakrisa vil føra til mange magre år.

– 2020 er tapt. 2021 vil også bli merka. Så får ein håpa og tru at ein kjem inn i eit meir normalt gjenge i 2022.

Status Norge

Sist oppdatert: 27.05.2020
8383
Smittet
34
Innlagt
235
Døde