– Vi kan ikkje binde oss opp mot at landstraum er den einaste løysinga, seier assisterande hamnesjef Jon Olav Stedje i Flåm.
Difor vil hamnevesenet frå 1. januar auke anløpsavgifta. I tillegg innfører dei eit målesystem som skal setje eit mål på kor miljøvenlege dei ulike skipa er.
Blir vurdert etter utslepp
– Det er ein score som går frå 0 til 100, der 0 er skikkeleg dårleg og 100 er veldig, veldig bra. Dette blir basert på ein formel av NOx-utslepp, svovelutslepp, CO2-utslepp, partiklar i utsleppa og om skipet er tilrettelagt for landstraum, fortel Stedje.
Dei som gjer det bra får miljørabatt, men for dei andre vil anløpsavgifta vere dyrare.
- Les også:
DIALOGKONFERANSE: I Flåm.
Foto: Halvor Farsund Storvik / NRKDei nye planane kom fram då Nærøyfjorden Verdsarvpark heldt dialogkonferanse i Flåm onsdag. Der kunne ENOVA fortelje at staten skal bidra til å få på plass fleire landstraumsanlegg.
– Enova ønskjer å bidra til at det blir tilbod om landstraum i alle viktige hamner i Norge. Difor lyser vi no ut ein konkurranse der hamneeigarar kan søkje om støtte til sine prosjekt. Vi satsar på at konkurransen kjem ut i starten av november, seier Merete Knain.
- Les også:
Vil ikkje ha landstraum – sjølv om det blir sponsa
Men Stedje hoppar ikkje høgt i stolen av å høyre dette. Uansett om dei får dekka kostnadane for landstraumanlegg er det problematisk, meiner han.
– Du kan ikkje selje og legge til rette for eit produkt der kunden ikkje er klar til å ta imot. Det er greitt nok at vi kan få finansiert ei løysing, men å bygge eit anlegg til 150 millionar kroner som cruiseskipa ikkje vil ha, det ser eg ikkje så stort poeng i, seier han.
- Les også:
VIL HA LANDSTRAUM: Merete Knain i Enova seier dei no lyser ut ein konkurranse der cruisehamner kan få sponsa landstraumanlegg.
Foto: Halvor Farsund Storvik / NRKDet eksisterer i dag ein standard som seier at skip som er bygd etter 2012 skal vere tilrettelagt for straum.
– Men det vil ikkje seie at dei er klare for å ta imot landstraum, men om det kjem eit krav kan dei kople seg på landstraum, seier Stedje.