Dei får prisen for å ha utvikla ein metode som gjer det mogeleg å bruke kjerneved frå furu og lerk i vindauge og balkongdører.
Dermed har dei fjerna eit årleg forbruk på 50 tonn ureinande impregneringsvæske.
Eldgamal kunnskap
Prosjektkoordinator Bente Elise Thunem Hjelle i Norgesvinduet Bjørlo AS seier dei har henta fram gamal kunnskap som vart brukt i dei gamle stavkyrkjene. Dette gjev godt vern mot sopp og råteskader.
Det er miljøstiftelsen GRIP, som er oppretta av Miljøverndepartemenet, som delte ut prisen i Oslo i går.