Hopp til innhold

Miljøkrav kan føre til mindre vasskraft i åra framover

Meir effektiv vasskraft har vorte trekt fram som eit alternativ til vindmøller. No kan strengare miljøkrav i staden gjere at effektiviteten må ned på store delar av norske vasskraftverk.

Reinforsdammen

MINDRE VATN: Mindre vassføring er eit av dei tiltaka som no kan bli innført ved mange vasskraftverk.

Foto: John Petter Reinertsen

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Det er eit stort dilemma om vi tek ned produksjonen av vasskraft, samstundes som vi treng stadig meir elektrisitet her i landet, seier konserndirektør for produksjon i kraftselskapet BKK, Olav Osvoll.

Når det har gått 30 år sidan ein konsesjon til å drive eit vasskraftanlegg vart gjeve, kan miljøorganisasjonar og kraftkommunar ta initiativ til at konsesjonen skal bli sett på med nye auge.

I løpet av dei neste to åra vil stadig fleire av vasskraftanlegga i Noreg passere dette trettiårsmerket, og staten får høve til å stille strengare miljøkrav enn før.

Det kan få store konsekvensar for kor mykje vasskraft vi skal produsere her i landet, seier Osvoll.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) skriv i ein rapport at konsekvensen av desse «vilkårsrevisjonane» kan bli at produksjonen går ned med 4 terrawattimer.

– Då må ein produsere tilsvarande meir kraft ved å byggje ut meir vasskraft eller vindkraft andre stader, seier Osvoll.

Eit paradoks i ei tid der stadig fleire politikarar snakkar om meir effektiv vasskraft som eit alternativ til upopulær vindkraft, tykkjer han.

– No må politikarane tenkje igjennom kva dei gjer.

Vik i Sogn

REGULERT: Vasstanden på regulerte vassdrag er noko av det som no kan bli forandra.

Foto: Berit Keilen

SV: – Mange vasskraftanlegg har hatt forferdelege miljøkonsekvensar

Dei som skal sjå på konsesjonane med nye auge er i første omgang NVE, og deretter regjeringa ved Olje- og energidepartementet.

Seksjonssjef Rune Flatby i NVE stadfestar at vilkårsrevisjonen kan innebere mindre kraftproduksjon i vasskraftanlegga.

– Generelt kan vi seie at omsyn til miljø og natur veg mykje tyngre no enn det gjorde for 30 eller 50 år sidan. Difor vil dette også bli vektlagt på ein heilt annan måte enn før, seier han.

Han trur talet på reviderte vasskraftkonsesjonar berre vil auke i åra framover.

– Det handlar mellom anna om korleis reguleringa av vasskraft påverkar fisken i elvane, og korleis ei nedtapping påverkar landskapet.

– Naudsynt å stille strengare miljøkrav

– Før i tida hadde ein verkeleg ikkje miljøomsyn i tankane når det vart bygd ut vasskraft, seier Lars Haltbrekken.

Han er stortingsrepresentant for SV og sit i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget, og meiner det er på høg tid at miljøkrava til vasskraftverk blir skjerpa.

Vasskraftverka har ført til store miljøøydeleggingar, seier han.

Dette har hatt forferdelege miljøkonsekvensar både for plante- og dyreliv, og for naturen.

Han presiserer at SV er samd i at vi treng meir kraft i framtida, men meiner at det ikkje kan gå utover naturen på same måte som det har gjort i tidlegare tider.

– SV vil heller fokusere på å til dømes ruste opp gamle turbinar og investere i dei gamle vasskraftverka. Slik kan vi få meir kraft samstundes som vi gjer det som er heilt naudsynt, nemleg å stille strengare miljøkrav.

Lars Haltbrekken

GLAD FOR KRAV: Lars Haltbrekken og SV er svært glade for at det no kjem strengare krav for vasskrafta.

Foto: Vidar Ruud / NTB