Hopp til innhold

Miljødirektoratet vil felle «flest mogleg» villrein på Hardangervidda

Endrar reglane for årets jakt i kampen for å stoppe spreiing av skrantesjuke. No gir dei jegerane større valfridom.

Villrein med skrantesyke på Hardangervidda september 2020.

SKRANTESJUKE: Bukken til høgre fekk påvist skrantesjuke i førre veke. Mange har frykta at den dødelege dyresjukdommen skulle spreie seg til bestanden på Hardangervidda.

Foto: NRK/Mattilsynet

Det er gått ei veke sidan skrantesjuke for første gong vart påvist hjå villrein på Hardangervidda. Dette er det mange som har frykta i lang tid.

Spørsmålet er om dette var eit enkelttilfelle eller om den dødelege sjukdommen har spreidd seg i stor skala hjå den store bestanden.

No tar Miljødirektoratet grep for å få betre oversikt. Det er dei som lager spelereglane for jakt av villrein i Noreg.

– Det er ønskjeleg at jegerar feller flest mogleg villrein på Hardangervidda i løpet av den siste perioden av jakta. Lågare bestand gjer at sjansen for at skrantesjuka spreier seg blir redusert, seier direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet.

Då den dødelege sjukdommen vart påvist hjå villrein i Nordfjella, vart det bestemt å ta livet av heile bestanden.

Endrar reglane

Miljødirektoratet kjem med nye tilrådingar til den siste delen av jakta på Hardangervidda, etter dialog med Mattilsynet og innspel frå lokal villreinforvaltning.

Dei to viktigaste regelendringane opnar for at jegerane enkelt sagt nærast kan skyte som dei vil på Hardangervidda:

  • Jegerane kan gjera munnlege avtalar om fellesjakt i andre vald.
  • Jegerane kan skyte et valfritt dyr på kontrollkortet sitt.
Villreinbukk med skrantesjuke på Hardangervidda, slakteplassen før Mattilsynet fjerna slakt og vegetasjon

SMITTA: Slik såg slakteplassen for villreinen med skrantesjuke ut før Mattilsynet rydda opp. Alle jegerar må no notere staden for felling og slakt av dyr.

Foto: Mattilsynet

Jegerane får altså større valfridom. Det skal gi fleire prøvesvar og viktig informasjon til styresmaktene.

I dag er det over 130 sokalla vald på Hardangervidda, som er administrative grenser jegerane må ta omsyn til. Skal ein felle villrein i fleire vald skal ein som hovudregel ha skriftleg avtale om det, men no kan det gjerast munnleg.

– Målet er å forenkle og gi effektiv felling, forklarar seniorrådgjevar Erik Lund i Miljødirektoratet.

Får skyte bukkane dei vil

I år er det gitt ut 5000 fellingsløyve på Hardangervidda. Dei er fordelt med kontrollkort, der halvparten av desse er på valfritt dyr, medan den andre halvparten er på vaksne bukkar.

Dei som har kontrollkort på vaksne bukkar, får med denne endringa lov til å skyte kva dei vil.

Det er likevel prøvesvar frå vaksne bukkar som er aller mest ønskeleg for styresmaktene. Desse er svært verdifulle for å kunne seie korleis skrantesjuka spreiar seg.

– Vi opnar for denne moglegheita etter dialog med villreinnemnd og villreinutval, slik at kategorien dyr som står på kontrollkortet ikkje skal avgrense talet på villrein som blir felt, seier Lund.

Den siste veka har også fjellstyra på Hardangervidda opna for å gi godtgjersle på 5000 kroner til jegerar som feller eit reinsdyr med positiv prøve for skrantesjuke.

Ellen Hambro

DIREKTØR: Ellen Hambro i Miljødirektoratet.

Foto: Christopher Isachsen Sandøy / NRK

Diskuterer vegen vidare

I førre veke sa både landbruksministeren og Mattilsynet at det var for tidleg å konkludere med kva som overordna må gjerast stoppe mogleg spreiing av skrantesjuke på Hardangervidda.

Det er ein diskusjon som framleis går føre seg og prøvesvar frå resten av jakta på Hardangervidda vil vera med i vurderingane vidare.

Så langt har det kome inn 700 prøvar og Miljødirektoratet håpar no på opp mot 300 til.

– Eg har tillit til at Miljødirektoratet og Mattilsynet følgjer opp denne saka. Vi har ikkje lang tid, men nok tid til å finna dei riktige tiltaka, sa statsråd Olaug Bollestad (KrF) til NRK førre veke.